Berit Pynte

Faktaboks

Berit Pynte

Berit Tørrisdatter Skjefte Pynte

Født
11. desember 1812, Vestre Slidre
Død
18. desember 1899, Vang

Artikkelstart

Berit Pynte var ein landskjend langeleikspelar på 1800-talet. Ho reiste Noreg rundt med musikken og dokkespelet sitt, og ho er ein viktig tradisjonsformidlar av norsk folkemusikk.

Berit Pynte var fødd i Vestre Slidre i 1812. Saman med mannen, Andris Andrissen Skjefte, gjorde ho husmannsplassen deira, Pynten i Vestre Sildre, til ein stoppestad for skysskarar og ein turistattraksjon for norsk og utanlandsk borgarskap. Pynte tente gode pengar på å underhalde med langeleiken sin, og om ho ikkje hadde levande dans, hadde ho tredokker som gjorde same nytta.

Utanfor sesongen drog Pynte til hovudstaden, Bergen eller Sogn for å spele. Pynte framførte eit tradisjonelt langeleikrepertoar frå øvre Valdres og var kjend som ein uvanleg dugande utøvar. Ho var inspirasjonskjelde for Edvard Grieg, og folketonesamlar Ludvig M. Lindeman skreiv ned seksten av slåttane hennar i 1865. Tre av langeleikane til Pynte finst på Ringve Musikkmuseum i Trondheim.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Rolf Myklebust: Femti år med norsk folkemusikk. Oslo 1982
  • Magne Myhren, Andreas Bjørkum og Bjørn Aasland: Folkemusikk og folkemusikkutøvarar i Noreg. Oslo 1996
  • Anne Margrethe Helgesen: Animasjonen – figurteatrets velsignelse og forbannelse. Norsk figurteaterhistorie. Oslo 2003

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg