Faktaboks

Berit Aunli
fødd Berit Kristine Kvello
Fødd
9. juni 1956, Stjørdal
Verke
Skiløpar
Familie

Foreldre: Personalsjef Kristen Kvello (1931–1998) og Kari Overvik (1930–2022).

Gift i 1979 med skiløpar Ove Robert Aunli (1956–).

Berit Aunli

Berit Aunli på veg ut frå skistadion i Holmenkollen under VM i Oslo 1982.

Av /NTB Scanpix ※.

Berit Aunli er ein norsk langrennsløpar som blant anna blei kåra til Nordens beste idrettsutøvar i 1982. Stordomstida hennar strekte seg frå slutten av 1970-talet til midten av 1980-åra.

Ho blei verdsmeister på 5 km og 10 km og i stafett i Oslo i 1982, der ho også tok VM-sølv på 20 km. Aunli blei dermed den første norske kvinna som vann ein individuell internasjonal meisterskap i langrenn. Ho vann òg verdscupen samanlagt same skisesong.

Aunli blei olympisk meister i stafett og tok sølv på 5 km i Sarajevo i 1984. I stafett tok ho òg OL-bronse i 1980 og VM-sølv i 1985. Ho vann 20 km i Holmenkollrennene i 1981. I alt vann ho 11 individuelle gull i senior-NM i perioden 1977–1982 (fem på 5 km, fire på 10 km, to på 20 km), og ho har vunne fire NM-gull i stafett og tre kongepokalar. Aunli representerte klubben Strindheim IL.

Berit Aunli er gift med Ove Aunli, som var ein av Noregs beste mannlige langrennsløparar på 1980-talet.

Fyrste år

Som junior vann ho ingen individuelle meisterskap, men opplevde å bli stafettmeister for Sør-Trøndelag i junior-NM. På seniornivå skulle det likevel bli mange meisterskapstitlar både nasjonalt og internasjonalt, individuelt og i stafett.

Aunli fikk sitt nasjonale gjennombrott i 1977 på Røros da ho vart noregsmeister på 5 km og 10 km i løpet av tre dagar.

Ho måtte likevel vente lenger før ho hevda seg heilt i verdstoppen. Under OL i Lake Placid i 1980 gjekk ho på det norske stafettlaget som tok bronse. Berit Aunli fikk den beste norske individuelle plasseringa i kvinnelangrenn i meisterskapen, men vart likevel ikke betre enn nummer 13.

I 1981 gjekk det betre. Då vart Berit Aunli nummer to samanlagt i verdscupen, og ho vann 20 km under prøve-VM i Holmenkollen.

VM på heimebane

Foto av det norske kvinnelaget i stafett under VM i 1982
Det norske laget tok gull på kvinnestafetten under VM i Holmenkollen i 1982. Vinnarlaget frå venstre Inger Helene Nybråten, Anette Bøe, Brit Pettersen og Berit Aunli.
Foto av det norske kvinnelaget i stafett under VM i 1982
NTB.

1982-sesongen vart det absolutte høgdepunktet i skikarriera hennar. I løpet av ei veke i februar i Oslo vann ho tre gullmedaljar og ei sølvmedalje. VMs fyrste øving var 10 km. Aunli hadde ikkje ein spesielt gunstig startposisjon, sidan dei raskaste konkurrentane hennar starta nokre minutt etter ho. Tidleg i løpet tok Aunli ei klar leiing som ho heldt heilt til mål.

Dette var til då den raskaste 10 km noka kvinne hadde gått, den fyrste under halvtimen (29.25,9). Ho slo den næraste konkurrenten hennar, Hilkka Riihivuouri frå Finland, med over 20 sekund. Den neste øvinga var 5 km. Igjen fekk Berit Aunli den raskaste tida på distansen til då, og igjen var Riihivuouri den sterkaste utfordraren. Etter stafetten kunne Berit Aunli ta imot den tredje gullmedaljen sin etter å ha gått tredje etappe på det norske laget. Den siste distansen i meisterskapen var 20 km. Berit Aunli var svært nær ved å gjere «reint bord», men måtte til slutt sjå seg slagen med 3,4 sekund av Raisa Smetanina frå Sovjetunionen.

Eit spesielt poeng frå VM i Holmenkollen var at faren til Berit Aunli, Kristen Kvello, var speaker på langrennsarenaen. Han var dermed i den særeigne situasjonen at han kunne telje dottera si inn til tre gullmedaljar. Seinare på vinteren sikra ho seg óg samanlagtsigeren i verdscupen.

Seinare meisterskap

Foto av Berit Aunli
57 år gamal stilte Berit Aunli til start for Strindheim sitt andrelag på NM-stafetten (3x5 km) under NM på Lillehammer i 2014.
Foto av Berit Aunli
Av /NTB.

I sesongen 1983 deltok ikkje Aunli i skirenn, då ho fødde sonen Odd Kristen i løpet av sesongen.

Ho kom tilbake i 1984 då ho vart olympisk meister i stafett i Sarajevo. Ho tok også sølv på 5 km og kom på 4. plass på 10 km. Under VM i Seefeld i 1985 var ho med på det norske stafettlaget som tok sølvmedalje. Dette vart den siste plasseringa hennar på internasjonalt toppnivå.

Aunli blei tildelt Morgenbladets gullmedalje, Sportsjournalistenes statuett, Porsgrunds Porselænsfabriks ærespris for kvinner og Olavstatuetten i 1982, Holmenkollmedaljen i 1983 og Ole Vig-prisen i 1983.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Espen Andersen: Norsk biografisk leksikon 2
  • Sportsboken 1983–84, 1983
  • Kunnskapsforlagets idrettsleksikon, 1990

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg