Faktaboks

Berit Mørdre
Som gift het hun Berit Mørdre Lammedal
Fødd
16. april 1940, Nes i Akershus
Død
23. august 2016
Verke
Skiløper
Familie

Foreldre: Gårdbruker Martin Mørdre (1892–1960) og hustru Signe (1898–1958).

Gift 1969 med Harald Lammedal (17.4.1943—), ekteskapet oppløst.

Berit Mørdre
Berit Mørdre bæres på gullstol av Ingrid Wigernæs (til høyre) som gikk 1. etappe, og Inger Aufles som gikk 2. etappen under VM-stafetten i Holmenkollen i 1966.
Berit Mørdre
Av /NTB Scanpix.

Berit Mørdre var ein norsk langrennsløpar frå Vestre Udnes i Nes. Ho var ein av dei første kvinnelege langrenssjernene og den mest meritterte av løparane på laget som fekk tilnamnet Jentut'n. Mørdre deltok på stafettlaga som tok VM-sølv i Oslo i 1966 og som vann OL-gull i Grenoble i 1968.

Karrière

I Grenoble tok ho òg OL-sølv på 10 kilometer framfor lagvenninne og bronsemedaljør Inger Aufles. Desse to skulle saman med Aslaug Dahl ta OL-bronse på stafetten i Sapporo i 1972.

Berit Mørdre vann i tillegg 19 NM-gull for seniorar: seks på 5 kilometer, sju på 10 kilometer og seks i stafett. Ho vann 5 kilometer i Holmenkollrennene i 1974. Då kvinner fekk delta i Birkebeinerrennet første gong i 1976, gjekk ho til topps.

Til liks med fleire andre av Jentut'n var klubben hennar Romerikslaget IL i Oslo.

Ho var gift Berit Mørdre Lammedal delar av karrieren.

Utmerkingar

Ho blei tildelt Holmenkollmedaljen i 1971 og kongepokalen i 1974.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg