Berit Aunli er ein norsk langrennsløpar som blant anna blei kåra til Nordens beste idrettsutøvar i 1982.
Ho blei verdsmeister på 5 km og 10 km og i stafett i Oslo i 1982, då ho òg tok VM-sølv på 20 km. Aunli blei dimed den første norske kvinna som vann ein individuelt internasjonal meisterskap i langrenn. Ho vann òg verdscupen samanlagt same skisesong.
Aunli blei olympisk meister i stafett og tok sølv på 5 km i Sarajevo i 1984. I stafett tok ho òg OL-bronse i 1980 og VM-sølv i 1985. Ho vann 20 km i Holmenkollrennene i 1981. I alt vann ho 11 individuelle gull i senior-NM i perioden 1977–1982 (fem på 5 km, fire på 10 km, to på 20 km), og ho har vunne fire NM-gull i stafett og tre kongepokalar. Aunli representerte klubben Strindheim IL.
Ho blei tildelt Morgenbladets gullmedalje, Sportsjournalistenes statuett, Porsgrunds Porselænsfabriks ærespris for kvinner og Olavstatuetten i 1982, Holmenkollmedaljen i 1983 og Ole Vig-prisen i 1983.
Ho er dotter av Kristen Kvello og gift med Ove Aunli.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.