Bergot

Artikkelstart

Bergot er eit kvinnenamn som går tilbake til det norrøne Berg-ljót. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘berging’ og etterleddet kanskje ‘lys’.

Når fire konsonantar følgjer etter kvarandre, kan éin eller fleire konsonantar falle bort, og det har skjedd her (bortfall av [lj]): Bergljot til Bergot.

Namnet har fleire variantar: Bergot, Bergliot, Berglioth, Bergljot.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 10 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Bergot som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg