Bergny er eit nylaga kvinnenamn (1882). Forleddet Berg- kan vere tatt frå til dømes Bergljot, og -ny frå Dagny.

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet i Noreg, var fødd i København i 1882: butikkjomfru i «Hops forbrugsforening» Bergny Rasmussen, busett i Fana i 1900.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 90 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Bergny som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg