Bergliot er eit kvinnenamn som går tilbake til det norrøne Berg-ljót. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘berging’ og etterleddet kanskje ‘lys’.

For å unngå fire konsonantar etter kvarandre i Bergljot er [j] skifta ut med [i]: Bergljot til Bergliot.

Namnet har fleire variantar: Bergliot, Berglioth, Bergljot, Bergot.

Kjende personar med namnet Bergliot

Eksempel på ein person med namnet Bergliot som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 1900 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Bergliot som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Namnestatistikken for 1800-talet baserer seg på folketeljingar, og då var det oftast registerføraren som bestemte kva for stavevariant som skulle førast inn i teljinga – ikkje namneberaren sjølv. Derfor er variantane Bergljot og Bergliot slått saman, og dei er presenterte med ei felles kurve for 1800-talet. Bergljot – og varianten Bergliot – er blant dei namna som vart populære under den nordiske namnerenessansen (på grunn av Bjørnsons dikt «Bergljot»). Til liks med andre namn som høyrer til namnerenessansen, fekk desse namneformene eit sterkt oppsving i siste halvdel av 1800-talet, og dei var mest brukte tidleg på 1900-talet. Bergljot og Bergliot nådde toppen samtidig (1900–1904).

Utvikling i bruk av namnet Bergliot frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Bergliot frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Bergliot på 1800-talet.

Bergliot var – til liks med Bergljot – klart mest brukt i Kristiania. Til liks med andre namn som kan knytast til den nordiske namnerenessansen, fekk Bergliot fyrst innpass i byen.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Bergliot på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Bergliot var – til liks med Bergljot – klart mest brukt i Kristiania. (I talgrunnlaget for søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Berglioth.) Til liks med andre namn som kan knytast til den nordiske namnerenessansen, fekk Bergliot fyrst innpass i byen.

Historisk bruk av namnet Bergliot
Historisk bruk av namnet Bergliot
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg