Faktaboks

Benxi

本溪市

Benxi er ein by i Kina i provinsen Liaoning, ved elva Taizi He, 55 kilometer søraust for Shenyang. Byen har 1 183 000 innbyggjarar (FN, 2021). Benxi er til liks med nabobyen Anshan eit av dei viktigaste sentra for tungindustrien i Kina, og har store jern- og stålverk med produksjon av råjern og kvalitetsstål basert på lokale førekomstar av kôl og jernmalm. I tillegg fins ein betydeleg sement-, metall- og kjemisk industri, og store varmekraftverk. Det er også farmasøytisk industri for kinesisk naturmedisin i byen.

Byen er eit jernbaneknutepunkt med samband til Shenyang, Anshan og Dandong. Den er også nær flyplass, og er tilknytta hurtigtognettet.

Historie

Framveksten av ein moderne storindustri byrja i 1905 med etableringa av Penhsi Coal and Iron Company, delvis ved hjelp av japansk kapital. Det var sterk utbygging av industrien under det japanske Mandsjukuo-styret i 1930-årene, med framstilling av spesialstål for den japanske marinen. Størstedelen av fabrikkanlegga blei demonterte av sovjetiske okkupasjonsstyrkar i 1945–1946, deretter gjenoppbygde i 1950-åra.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg