Bente Hemsing

Faktaboks

Bente Hemsing

Bente Ingholm Hemsing

Født
23. juni 1958, Oslo
Bente Hemsing
Bente Hemsing
Av .

Artikkelstart

Bente Hemsing er fiolinist og hardingfelespelar. Ho arbeider som pedagog og frilans musikar.

Bakgrunn

Bente Hemsing er utdanna som fiolinpedagog og instrumentalist ved Østlandets Musikkonservatorium (1983). I tillegg har ho mellomfag i folkeminnevitskap (1985), hovudfag i musikkvitskap med vekt på emne i folkemusikk (1993) frå Universitetet i Oslo og ei leiarutdanning frå Universitetet i Tromsø innanfor kulturfag.

Bente Hemsing er mor til fiolinistane Ragnhild Hemsing og Eldbjørg Hemsing.

Musikalsk virke

Hemsing har vore aktiv folkemusikar i mange år. Først og fremst har ho fordjupa seg i felemusikk, med vekt på tradisjonsmusikken frå Valdres, med Harald Røine og Trygve Bolstad som læremeistrar. Ho har òg halde på med song og dans, og med desse tre områda som uttrykksform var ho distriktsmusikar i Valdres folkemusikkgruppe frå 1988 til 1997. Ho har reist på mange turnear for Rikskonsertane, både i Noreg og i India. Saman med Stein Villa har ho hatt mange turnear for Den kulturelle skulesekken og Den kulturelle spaserstokken.

Bente Hemsing har også arbeidd som orkestermusikar i profesjonelle symfoniorkester, mellom andre Stavanger Symfoniorkester og Oslo Barokkorkester. Elles har ho vikariert i andre orkester og hatt oppdrag for NRK.

I 2004 gav Hemsing ut cd-en Solé sprett med folkemusikk frå Valdres. Bente Hemsing vann Andris Dahles minnepris for lydarslåttspel på hardingfele i 1998. I 2014 vart ho tildelt Eckbos Legats kulturpris for innsatsen som kulturformidlar.

Organisasjonsarbeid

Frå 1997 til 2002 var Hemsing arkivar i Valdres folkemusikkarkiv. I fleire år var ho dagleg leiar i Austnorsk folkemusikksenter. Ho er ein aktiv pedagog og har arbeidd i kommunale kulturskular, undervist i musikk i vidaregåande skule og halde foredrag om tradisjonsmusikk på høgskulenivå. Vidare har ho undervist ved Barratt Due musikkinstitutt i Oslo og ved Valdres Sommersymfoni. Seinare har ho vore rektor i kulturskulen i Etnedal og hatt ulike oppdrag som frilansmusikar.

Hemsing har vore styremedlem i Teater Innlandet (2011–2015) og i Musikkens studieforbund (2015–2019), og leiar i Valdres Folkemusikklag frå 2019. Vidare har ho vore engasjert i Hemsingfestivalen, ein kammermusikkfestival som døtrene starta i 2013.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg