Artikkelstart
Bente Bratlund er ein norsk forfattar. Ho skriv først og fremst barne- og ungdomslitteratur. Ho har ein omfattande og allsidig produksjon med meir enn 40 bøker i ulike sjangrar.
Bente Bratlund Mæland
Bente Bratlund er ein norsk forfattar. Ho skriv først og fremst barne- og ungdomslitteratur. Ho har ein omfattande og allsidig produksjon med meir enn 40 bøker i ulike sjangrar.
Bente Bratlund tok lærarutdanning ved Stord lærarskule (1971–74) og dramautdanning i Bergen (1977). Ho har arbeidd som lærar på Nore Neset skole (1974–1986) og eitt år som journalist i lokalavisa Midhordland. Frå 1992 har ho vore forfattar på heiltid. Ho har òg teke rettleiarutdanning og arbeidd som rettleiar ved Høgskolen i Bergen og på Haukeland universitetssjukehus.
Bratlund debuterte i 1977 med diktsamlinga Lukkeleg båt. I 1982 kom den første ungdomsboka, Kvifor, Pål?, og Når det blør (1989) var den første romanen. Bratlund skriv om dei nære tinga, om menneske som møtest, glede, men òg om sjukdom, smerte og svik. I 2010 kom Besatt av demoner. Boka handlar om Bratlund som ei tid i ungdommen høyrde til ein kristen kyrkjelyd som dreiv med demonutdriving.
Bratlund held skrivekurs, reiser rundt med opplesingsprogram og vitjar skular. Dei fleste barne- og ungdomsbøkene er omsette til dansk, nokre også til svensk. Ho har òg gitt ut bøker under namnet Bente Bratlund Mæland (Mæland-namnet er frå det første ekteskapet).
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.