Faktaboks

Benjamin Britten
frå 1976 Baron Britten of Aldeburgh Edward Benjamin Britten
Uttale
brˈitən
Fødd
22. november 1913, Lowestoft i Storbritannia
Død
4. desember 1976, Aldeburgh i Storbritannia
Benjamin Britten

Benjamin Britten

Av /KF-arkiv ※.

Benjamin Edward Britten var ein engelsk komponist og pianist. Han var ein av dei viktigaste operakomponistane på 1900-talet og ein sentral fornyar av den engelske kortradisjonen.

Den viktigaste musikalske påverknaden hans i barndomen var mor hans, Edith, som sjølv var songar og pianist. Britten synte tidleg eit stort musikalsk talent, og Edith drøymde om at sonen skulle verte «den fjerde B‑en», etter Bach, Beethoven og Brahms. Han gjekk på privatskulen Gresham's School i Norfolk, før han i 1930–33 studerte komposisjon ved Royal College of Music i London.

Britten var ein av dei etterkrigskomponistane som best greidde å skape eit umiskjenneleg moderne tonespråk innanfor rammene av den tradisjonelle tonaliteten. Hovudarbeida hans låg innanfor opera og kormusikk, der han skreiv nokre av meisterverka på 1900-talet. Han var homofil og ein aktiv pasifist heile livet, og denne utanforposisjonen var ein tematikk han stadig utforska i musikken sin. Likevel opplevde Britten i større grad enn dei fleste 1900-talskomponistar å verte hylla og godteken av storsamfunnet. Fleire av verka hans vart tidleg svært folkekjære, men War Requiem (1962) står i ei særstilling, særleg i heimlandet England.

Operaene hans var dei første av ein engelskmann som gjekk inn i standardrepertoaret, og i dag vert mange av dei regelmessig oppførte verda rundt. Den kanskje mest ikoniske av dei er òg den som gjorde han kjend, Peter Grimes (1945). Her grev Britten djupt i det brennbare forholdet mellom individ og samfunn, med ypparleg sans for både det dramatiske og det musikalske.

Britten fekk tildelt ei lang rekkje prisar og utnemningar for musikken sin, til dømes Royal Philharmonic Society si gullmedalje (1964), Léonie Sonnings musikkpris (1968) og Ernst von Siemens' musikkpris (1974). I 1976 vart han adla til Baron Britten av Aldeburgh av dronning Elizabeth 2.

Studiar og Amerika-reise

Dei første komposisjonane som fekk merksemd i heimlandet, skreiv Britten i studietida, og hans Sinfonietta, Op. 1 (1932) vart framført på BBC. I 1935 tok han til å arbeide med musikk for dokumentarfilmar, og det var i samband med dette at han vart kjend med diktaren W.H. Auden, som sidan vart ein viktig ven for Britten. Dei samarbeidde om det første storskalaverket til Britten, songsyklusen Our Hunting Fathers (1936), som provoserte, både på grunn av dei utfordrande harmoniane og dei radikale, politiske tekstane.

I 1937 trefte Britten tenoren Peter Pears, som vart partnaren hans livet ut, både romantisk og profesjonelt. To år etter reiste dei med båt til Amerika, med tanke på å forlate Storbritannia for godt. Han skreiv fleire store verk i løpet av dei tre åra han var i USA og gjekk igjennom ei viktig revurdering av forholdet sitt til britisk musikk. Det førte til eit endeleg oppgjer med den nasjonalromantiske stilen til forgjengarar som Ralph Vaughan Williams og Gustav Holst. Men det var på båtturen heim i 1942 at han skreiv den musikken som vert hugsa best i dag, dei vakre korverka Hymn to Saint Cecilia og A Ceremony of Carols.

Peter Grimes

Då Britten kom attende til England, bestemte han seg for å prøve seg på opera. Det fanst ingen britiske operaer i standardrepertoaret, og ikkje sidan Henry Purcell (1659–1695) hadde ein engelskmann meistra sjangeren til fulle. I Amerika hadde Britten kome over poesien til George Crabbe, og det var frå diktverket The Borough at han og Pears henta historia om fiskaren Peter Grimes.

Operaen, med premiere i juni 1945, er meisterleg i måten han skildrar forholdet mellom outsideren Grimes og den vesle landsbyen, som til slutt vinn over han og driv han til sjølvmord. Forholdet mellom individ og samfunn var gjort smerteleg aktuelt etter to verdskrigar, og Britten sine tunge, personlege erfaringar, som homofil og pasifist, sette han ekstra godt i stand til å formidle problematikken. Operaen spreidde seg raskt over Europa, og dermed hadde Britten greidd det Vaughan Williams aldri greidde, å få ein engelsk opera inn på standardrepertoaret.

Like etter spela Britten saman med Yehudi Menuhin for dei overlevande i konsentrasjonsleiren i Belsen. Denne opplevinga prega han resten av livet, noko som først kunne høyrast i den dystre songsyklusen The Holy Sonnets of John Donne (1945). Men det er eit lystigare verk frå same året som vart eit av dei aller mest folkekjære, nemleg A Young Person's Guide to the Orchestra, skrive over eit tema av Purcell. Stykket tek pedagogisk for seg orkestergruppene éi etter éi, men er slåande heilskapleg sjølv når ein ser på musikken isolert.

War Requiem og andre storverk

Peter Grimes vart det definitive vendepunktet for Britten sitt omdømme, og kvar ny komposisjon vart no følgd av musikkmiljøa både i England og resten av Europa. Mange operaer følgde, og nokre av dei, mellom anna The Rape of Lucretia (1946), Billy Budd (1951) og The Turn of the Screw (1954), vert framleis ofte framførte.

Etter operasuksessen vart Britten oppteken av å finne nye utfordringar, noko som mellom anna leidde han til å utforske balinesisk og japansk musikk. Desse påverknadene høyrer ein til dømes godt i balletten The Prince of the Pagodas (1957) og kyrkjeoperaen Curlew River (1964). Nye operaer kom til, den bibelske barneoperaen Noye's Fludde (1958) og Shakespeare-adapsjonen A Midsummer Night's Dream (1960), som i dag er av dei operaene av Britten som oftast vert framførte.

War Requiem for kor, solistar og orkester vart urframført ved opninga av den nye katedralen i Coventry i 1962. Mellomalderkatedralen var bomba i ruinar i 1940, og War Requiem vart eit av dei mest kraftfulle uttrykka for ideologisk pasifisme i musikkhistoria. Britten kombinerte tekstar frå den latinske requiem-messa med dei mørke krigsdikta til Wilfred Owen, som sjølv vart drepen under første verdskrigen. Det er det mest monumentale av korverka hans, og den massive suksessen som følgde, gjorde at han trekte seg attende og utforska ein meir reservert stil av kammermusikk i dei neste verka sine. Av dei seine verka til Britten er dei to operaene Owen Wingrave (1971) og Death in Venice (1973) dei viktigaste.

Verk

Orkesterverk

Tittel År
Sinfonietta 1932
Simple Symphony (for strykarar) 1925, rev. 1934
Variasjonar over eit tema av Frank Bridge 1937
Preludium og fuge for strykarar 1943
The Young Person's Guide to the Orchestra 1946

Konsertar

Tittel År
Klaverkonsert i D-dur 1938, rev. 1945
Fiolinkonsert i d-moll 1939, rev. 1950
Symfoni for cello og orkester 1964

Kammermusikk

Tittel År
Strykekvartett nr. 1 i D-dur 1941
Strykekvartett nr. 2 i C-dur 1945
Cellosonate i C-dur 1961
Suite nr. 1 for cello 1965
Suite nr. 2 for cello 1967

Verk for kor og orkester

Tittel År
Rejoice in the Lamb 1943
Saint Nicolas 1948
Spring Symphony 1949
War Requiem 1962

Verk for solostemme(r) med akkompagnement

Tittel År
Our Hunting Fathers 1936
Les illuminations, for høg stemme og strykarar 1939
Seven Sonnets of Michelangelo 1940
Serenade for tenor, horn og strykarar 1943
The Holy Sonnets of John Donne 1945
Winter Words 1953
Nocturne 1964

Opera

Tittel År
Peter Grimes 1945
The Rape of Lucretia 1946
Albert Herring 1947
Let's make an Opera (barneopera) 1949
Billy Budd 1951
Gloriana 1953
The Turn of the Screw 1954
Noye's Fludde (barneopera) 1958
A Midsummer Night's Dream 1960
Owen Wingrave 1971
Death in Venice 1973

Litteratur

  • Britten, Benjamin: Letters from a life: the selected letters and diaries of Benjamin Britten, [...], ed. by Donald Mitchell, 1991, 2 b., isbn 0-571-16405-6
  • Carpenter, H.: Benjamin Britten : a biography, 1992, isbn 0-571-14324-5
  • Cooke, Mervyn, red.: The Cambridge companion to Benjamin Britten : a biography, 1999, isbn 0-521-57476-5
  • Kennedy, Michael: Britten, [rev. ed.], 2001, isbn 0-19-816479-3
  • Matthews, David: Britten, 2003, isbn 1-904341-39-x
  • Oliver, Michael: Benjamin Britten, 1996, isbn 0-7148-3277-4

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg