Benedikte er eit kvinnenamn som går tilbake til det latinske Benedicta som er laga til adjektivet benedicta med tydinga ‘velsigna’.

Namnet har fleire variantar: Bendikte, Benedichte, Benedickte, Benedicte, Benedicthe, Benedikte.

Namnedag er 8. oktober. Bente har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Benedikte

Eksempel på ein person med namnet Benedikte som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 1 424 kvinner i Noreg som hadde Benedikte som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Kvinnenamn med minst tre stavingar har oftast utanlandsk opphav. Til liks med namn på -a har mange namn på -e med minst tre stavingar fått ein popularitetstopp rundt år 2000, til dømes Irene, Merete, Cecilie, Vibeke, Jannicke, Kathrine, Marlene, Anine og Adele. Dette gjeld også Benedikte og varianten Benedicte. Men i motsetning til nokre av namna på -a har namna på -e i dei siste åra byrja å gå ned att. Sidan år 1900 har Benedicte vore brukt neste dobbelt så mykje som Benedikte.

Utvikling i bruk av namnet Benedikte frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Benedikte frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Benedikte på 1800-talet.

Benedikte var– til liks med Bendikte – klart mest brukt i Vest-Agder.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Benedikte på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Benedikte var– til liks med Bendikte – klart mest brukt i Vest-Agder. (I talgrunnlaget for søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Benedicte.)

Historisk bruk av namnet Benedikte
Historisk bruk av namnet Benedikte
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg