Bendik er eit mannsnamn som er nordisk form av det latinske Benedictus som er laga til adjektivet benedictus med tydinga ‘den velsigna’.

Namnedag er 21. mars. Bengt og Bent har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Bendik

Kulturell bruk

  • Bendik og Årolilja er ei norsk folkevise som bygger på den danske segna om Hagbard og Signe. Folkevisa har også fellestrekk med innhaldet i «Tristan og Isolde» (frå 1100-talet), den fyrste kjærleiksromanen i Europa.
  • «Bendik i Bu» er ei vise av Alf Prøysen.

Kjende personar med namnet Bendik

Eit utval personar med namnet Bendik, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 2 180 menn i Noreg som hadde Bendik som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 29 gutar som fekk namnet Bendik.

Utvikling i bruk av namnet

Bendik var lite brukt før det fekk ei bratt stigning på slutten av 1900-talet til ein topp 1995–1999. Det er få andre tostava namn med ending på konsonant som har ein slik kurveprofil, til dømes Runar, Viljar og Jesper.

Utvikling i bruk av namnet Bendik frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Bendik frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Bendik på 1800-talet.

Bendik var mest brukt i Vest-Agder og Sogn og Fjordane.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Bendik på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Bendik var mest brukt i Vest-Agder og Sogn og Fjordane. (I søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Bendic.)

Historisk bruk av namnet Bendik
Historisk bruk av namnet Bendik
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg