Beatrice

Artikkelstart

Beatrice er eit fransk kvinnenamn som via italiensk går tilbake til latin Beatrix laga til latin beatus som tyder ‘lykkeleg’.

Opphavleg form var kanskje Viatrix med tydinga ‘vandringskvinne’. (Det latinske ordet viator tyder ‘vandringsmann’.)

Namnet har fleire variantar: Beatriz, Beatrice, Beatrix.

Personar med namnet Beatrice

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet, var Agnes Beatrice Skulstad fødd 1877 i Eidskog (Hedmark), busett i Kristiania i 1900.

Kulturell bruk

  • Beatrice i Dantes «Den guddommelege komedie» (1307–21).
  • Beatrice i William Shakespeares «Stor ståhei for ingenting» (1598–99).

Kjende personar med namnet Beatrice

Eit utval personar med namnet Beatrice, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 250 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Beatrice som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg