Faktaboks

Beate Zschäpe

Beate Apel

Fødd
2. januar 1975, Jena, DDR (nå i Tyskland)

Beate Zschäpe er ein tysk høgreekstremist og terrorist. Ho var ein av medlemene i Nationalsozialistischer Untergrund (NSU) som i åra 2000–2008 stod bak ei rekkje drap på innvandrarar.

Bakgrunn

Beate Zschäpe vart fødd i Jena i det tidlegare DDR. Faren hennar er ein rumensk tannlege som mora møtte då ho studerte i Romania på 1970-talet. Beate Zschäpe vaks opp i enkle kår og budde hos bestemora i store deler av oppveksten. Etter endt skolegang utdanna ho seg til gartnar.

Inn i høgrekstremismen

Etter at DDR-staten braut saman i 1989 blomstra høgreekstremisme og nazisme opp i i det tidlegare DDR-området. Ein gong mellom 1990 og 1991 vart Zschäpe ein del av den nynazistiske gruppa Winzer-clan som heldt til i bydelen Winzerla i Jena. I dette miljøet vart ho kjent med Uwe Mundlos og Uwe Böhnhardt, som var dei to andre sentrale personane i terror-organisasjonen NSU. Dei tre engasjerte seg i fleire andre nynazistiske organisasjonar som Kameradschaft Jena og Thüringer Heimatschutz. Sammen stod dei bak fleire valdelege angrep på venstresideaktivistar og vietnamesarar.

I undergrunnen

I 1997 vart Zschäpe, Mundlos og Böhnhardt ettersøkt av politiet etter at det hadde blitt sendt brevbomber til fleire adresser i Jena. Dei tre gjekk då i skjul, og heldt seg i dekning fram til gruppa vart avslørt av politiet i november 2011. I åra 2000–2007 stod NSU bak ein serie drap. Ofra for terroren var åtte personar med tyrkisk bakgrunn, ein person med gresk bakgrunn og ei politikvinne. Alle drapa vart gjort med det same våpenet. I 2004 stod gruppa også bak eit bombeangrep i Köln-bydelen Mühlheim. Dei fleste personane i denne bydelen har tyrkisk bakgrunn. Ingen mista livet, men 22 menneske vart skadde, fleire av dei alvorleg.

Avsløring og rettssak

Politiet kom på sporet av NSU etter ei bankran i Eisenach utført av Mundlos og Böhnhardt 4. november 2011. Dei to tok livet av seg i staden for å overgje seg til politiet. I bilen deira fann politiet fleire våpen, mellom anna tenestevåpenet til politikvinna som vart drept av NSU. Same dag tente Zschäpe på ei leilegheit i Zwickau dei tre hadde budd i lag, så rømte ho. Dagen etter sendte ho ein video til fleire tyske medier og parti der dei tre tok på seg ansvar for terroren. 8. november 2011 vart Zschäpe arrestert. I mai 2013 vart ho stilt for retten i Tyskland.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg