Beachvolley Vikings er eit norsk satsingsprosjekt i sandvolleyball. Det består av fire spelarar fordelt på to lag. Beachvolley Vikings har hevda seg i den internasjonale verdseliten, og er først og fremst kjende for OL-gullet til Anders Mol og Christian Sørum i 2021. Dei har og vunne VM, EM og verdsserien. Teamet har base på Sand i Rogaland.

Spelarar

  • Anders Mol og Christian Sørum
  • Mathias Berntsen og Hendrik Mol

Støtteapparat

  • Jetmund Berntsen (hovudtrenar)
  • Kåre Mol (trenar og mentor)
  • Merita Mol (mental trenar)

Beachvolley Vikings vart starta opp i 2015, og hovudtrenar var tidlegare landslagsspelar Kåre Mol. Han er far til spelarane Anders og Hendrik Mol. Frå 2022 har Jetmund Berntsen, far til Mathias Berntsen og onkel til Mol-brørne, vore hovudtrenar. Merita Mol er mentaltrenar. Ho har bakgrunn som tidlegare sandvolleyballspelar og OL-deltakar, og ho er mor til brørne Anders og Hendrik Mol.

Anders Mol og Christian Sørum vann første gong EM i 2018. Sidan har duoen også vunne VM og OL. I 2022 vart dei fire spelarane på Beachvolley Vikings historiske, då dei utgjorde Noreg sitt lag i Beach Nations Cup – eit europameisterskap for lag. Noreg gjekk heilt til topps i den nye turneringa.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg