Bea er eit kvinnenamn som er kortform av til dømes Beate og Jakobea.

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet, kan ha vore Bea Olsdatter fødd 1807 i Flatanger (Nord-Trøndelag). Ho var døypt Jakobea, og det er usikkert når kortforma Bea vart tatt i bruk på henne.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 90 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Bea som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Kruken, Kristoffer og Ola Stemshaug 2013: [Norsk personnamnleksikon]. 3. utgåva ved Kristoffer Kruken. Oslo.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg