Barbara Hendricks, tysk sosialdemokratisk politikar. Minister for klima, naturvern, bygg- og reaktortryggleik i Angela Merkels tredje regjering sidan desember 2013.

Ho oppvaksen og busett i småbyen Kleve i delstaten Nordrhein-Westfalen. Ho har studert historie og samfunnsvitskaplege fag ved Universitetet i Bonn. I 1990 tok ho doktorgrad i historie med eit arbeid om utviklinga av margarinindustrien i nedre del av Niederrhein. Hendricks er katolikk og medlem av Zentralkomitee der deutschen Katholiken.

Ho melde seg inn i SPD i 1972. På slutten av 1970-talet arbeidde ho i pressetenesten til SPDs forbundsdagsfraksjon. Frå 1991 til 1994 var ho minister for miljø, arealplanlegging og landbruk i Nordrhein-Westfalen. Sidan 1994 har ho vore medlem av Forbundsdagen for SPD. Frå 1998 til 2007 var ho statssekretær i finansdepartementet. Sidan desember 2013 har ho vore medlem av Angela Merkels tredje regjering.

Foreslå endringer i tekst

Foreslå bilder til artikkelen

Kommentarer

Har du spørsmål om eller kommentarer til artikkelen?

Kommentaren din vil bli publisert under artikkelen, og fagansvarlig eller redaktør vil svare når de har mulighet.

Du må være logget inn for å kommentere.