Faktaboks

Barbara Hendricks
Fødd
29. april 1952, Kleve
Barbara Hendricks
Barbara Hendricks
Av /NTB.

Barbara Hendricks er ein tysk sosialdemokratisk politikar, som var minister for klima, naturvern, bygg- og reaktortryggleik i Angela Merkels tredje regjering, mellom 2013 og 2018.

Bakgrunn

Ho var oppvaksen og busett i småbyen Kleve i delstaten Nordrhein-Westfalen. Ho har studert historie og samfunnsvitskaplege fag ved Universitetet i Bonn, med ein doktorgrad frå 1990 i historie. Hendricks er katolikk og medlem av Zentralkomitee der deutschen Katholiken.

Politisk karriere

Ho melde seg inn i SPD i 1972. På slutten av 1970-talet arbeidde ho i pressetenesten til SPDs forbundsdagsfraksjon. Frå 1991 til 1994 var ho minister for miljø, arealplanlegging og landbruk i Nordrhein-Westfalen. Sidan 1994 har ho vore medlem av Forbundsdagen for SPD. Frå 1998 til 2007 var ho statssekretær i finansdepartementet. Frå 2013 til 2018 var ho medlem av Angela Merkels tredje regjering.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg