Bøyen Beng, norsk band, etablert i 1987. Bøyen Beng er eit av dei eldste banda frå miljøet rundt Blitz som framleis eksisterer, trass i ei lang rekkje utskiftingar. Med fele og allsongrefreng skilde dei seg ut frå dei andre Blitz-banda.

Historie

Bøyen Beng vart starta i 1987. Dei tok namnet sitt frå ein skurk i Donald Duck & Co og spelte ein litt rolegare og meir allsongvenleg musikk enn hardcore-pønken som var vanleg i Blitz-miljøet på den tida. Ikkje minst var fela eit instrument ein elles ikkje såg så ofte på scena der. Bandet har hatt ein del utskiftingar, men det har vore ein meir eller mindre ustabil kjerne som har bestått av Jon Hveding (gitar), Silja Starbo (fele), Wenke Simensen Skorge (trommer), Ragnhild Sarsten (bass) og Harald Lange (vokal).

Bøyen Beng har blant anna gitt ut dei sjølvfinansierte platene Kjærlig vårt hat (1991), Fanteri (1993), Kjærlig vår ryggrad (1995) og Bombe (2004), i tillegg til fleire EP‑ar og deltaking på diverse samleplater. I 1993 var Bøyen Beng så vidt innom Norsktoppen med «Storbynatt», men veka etterpå var ikkje songen nemnd i programmet. Årsaka skal vere at NRK hadde oppdaga at songen handla om hasjrøyking.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • «Bøyen Beng», i Eggum, J., Ose, B. & Steen, S., red. (2005): Norsk pop & rock leksikon. Populærmusikk i hundre år. Oslo: Vega

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg