Børre er eit mannsnamn som kjem av Børge som i sin tur går tilbake til Birger med tydinga ‘hjelpsam; hjelpar’.

Namnet har fleire variantar: Børe, Børre.

Namnedag er 11. januar. Børge har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Børre

Eit utval personar med namnet Børre, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 965 menn i Noreg som hadde Børre som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Tostava namn som endar på -e, er ein typisk nordisk namnetype, for av dei nærmare 50 mest vanlege namna av denne typen er det berre eitt utanlandsk, det tyske Heine. Dei fleste namna av denne typen hadde toppfasen sin innanfor perioden 1945–1979, men Børre høyrer til ei lita gruppe av namna på -e som var ein del brukte tidleg på 1800-talet og som kom tilbake i siste halvdel av 1900-talet. Andre døme på slike namn på -e med omtrent same kurveprofil er Endre og Lasse.

Utvikling i bruk av namnet Børre frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Børre frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Børre på 1800-talet.

Børre var mest brukt i Hedmark.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Børre på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Børre var mest brukt i Hedmark.

Historisk bruk av namnet Børre
Historisk bruk av namnet Børre
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Kruken, Kristoffer og Ola Stemshaug 2013: [Norsk personnamnleksikon]. 3. utgåva ved Kristoffer Kruken. Oslo.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg