Faktaboks

Bø blad
Offisielt namn
BØ BLAD AS
Organisasjonstype
Aksjeselskap
Forretningsadresse
Bø i telemark
Dagleg leiar
Hilde Nesje
Styreleiar
Eivind Eckbo
Logo
Logo
Av .

Opplagstall for Bø Blad, 1994-2022

1994 1800
1995 1858
1996 2046
1997 2090
1998 2107
1999 2117
2000 2212
2001 2292
2002 2309
2003 2244
2004 2254
2005 2263
2006 2371
2007 2355
2008 2367
2009 2355
2010 2325
2011 2257
2012 2359
2013 2501
2014 2622
2015 2542
2016 2567
2017 2568
2018 2563
2019 2559
2020 2795
2021 2698
2022 2806
Kilde: medienorge.uib.no (papiropplag til 2014; deretter totalopplag, endring i beregningsmetode fra 2018)

Bø blad er ei lokalavis som utkjem i i Telemark. Avisa blei grunnlagd i 1986 og er eigd av fleire aksjonærar, mellom anna Lepperød Invest AS som har den største aksjeposten med 27,7 prosent.

Avisa dekkjer Midt-Telemark kommune i Telemark fylke. I tillegg til nettutgåve kjem Bø blad ut som papiravis éin gong i veka.

Historie

Bø blad blei grunnlagt 27. august 1986 av journalist og tidlegare stortingsrepresentant Arne Kielland. Han var redaktør fram til han døydde i 2003. Tone Anne Ødegård var redaktør frå 2003 til 2006. Sidan då har Hilde Eika Nesje vore redaktør.

Fram til 1985 var behovet for avis i Bø delvis dekt av Telemarkingen. Då den avisa gjekk konkurs i 1985, fekk mange aktørar i lokalsamfunnet behov for ein ny og god kommunikasjonskanal. I august 1986 blei Bø blad stifta som eit aksjeselskap. Både lokale bedrifter, bankar, organisasjonar og enkeltpersonar gikk inn som aksjonærar. Det gjorde også dåverande Bø kommune.

Utvikling

Frå januar 2018 fekk abonnentane digital tilgang til avisa, i første omgang som e-avis. I desember 2019 blei Bø blad ei fullverdig nettavis, i tillegg til at ho kjem ut på papir éin gong i veka. Det har ho gjort sidan starten. Frå 1. januar 2020 er nedslagsfeltet for avisa utvida. Då blei Bø kommune slått saman med Sauherad kommune til Midt-Telemark kommune.

Redaksjonsspråket i Bø blad er nynorsk, og avisa er pådrivar for bruk av nynorsk og lokal dialekt i lokalmiljøet. Avisa oppmodar næringslivet i kommunen til å marknadsføre seg på nynorsk. Avisa gir jamvel språkleg støtte til marknadsføringa. I 2018 blei Bø blad tildelt «Målblomen» frå Noregs Mållag for denne innsatsen.

Opplag

År Opplag
2020 2795

Statistikken viser netto opplagstal for både digitale abonnement og papirabonnement. Kjelda er opplagstala avisene rapporterer til Mediebedriftenes Landsforening (MBL) for andre halvår.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Grepstad, Ottar (2010): Avisene som utvida Noreg: Nynorskpressa 1850–2010. Oslo: Universitetsforlaget
  • Kielland, Arne (1988): Om å lage kommuneavis: Bø blad, TDH-skrift nr. 129. Bø: Telemark distriktshøgskule

Faktaboks

Bø blad
Sektorkode
2100 Private aksjeselskaper mv.
Næringskode(r)
58.130 Utgivelse av aviser

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg