Faktaboks

Innbyggjartal
3696 (SSB, 2023)
Landareal
3,5 km²
Tettstadsnummer
3081 Bø
Bø

Bø i Telemark. Kommunesenteret omkring Bø jernbanestasjon. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgitt 2005-2007.

Av /KF-arkiv ※.

Bø er ein tettstad i Midt-Telemark kommune i Telemark. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 3,5 km², og har 3696 innbyggjarar (2023).

Bø er administrasjonssenter i Midt-Telemark kommune.

Natur

Berggrunnen høyrer til det sørnorske grunnfjellsområdet med mykje harde bergartar som granitt og kvartsitt. Landskapet er kjenneteikna av den vide hovuddalen med Bøelva og skogkledde dalsider og fjell. Godt klima med høge sumartemperaturar gjer at skoggrensa ligg nær 1000 meter over havet.

Høgaste fjelltopp er Jøronnatten på Lifjell på 1275 meter over havet, på grensa til Notodden og Seljord kommunar. Bøelva, frå Seljordsvatnet og gjennom Bø, møter det eigentlege Telemarksvassdraget i Norsjø ved Gvarv, som ligg berre 15 meter over havet.

I dalen er det store sand- og grusmassar. Desse framstår som store sletter eller moar i terrenget, til dømes Eikjamoen og Folkestadmoen om lag 155 meter over havet like nord for Bø. Elles finst sand- og grusavsetningar i ulike trinn, avsett etter som landsisen smelta ned og landet steig.

Kultur og næringsliv

Store landskapsflater med skog og fjell omkring og dessutan eit stabilt klima gir eit godt grunnlag for kornproduksjon, husdyrhald og fruktdyrking. Delar av industrien er direkte knytt til verksemder i jord- og skogbruk. Vel to tredelar av jordbruksarealet blir nytta til korndyrking, men det er òg stor grasproduksjon til husdyrhaldet.

Bø har sidan 1970-åra blitt eit viktig regionalt handels-, sørvis- og skulesentrum. Staden har eit breitt tilbod av privat og offentleg tenesteyting. Høgskolen i Søraust-Noregs avdeling i Bø gir ringverknader i næringslivet og lokalsamfunnet elles, og dei om lag 2300 studentane på høgskulen er med på å prege staden. Telemarkforsking i Bø er eit sjølvstendig regionalt forankra forskingsinstitutt med kundar og prosjekt over heile Noreg. Instituttet har nasjonal spisskompetanse på fem fagområde: kulturforsking, natur- og kulturbasert nyskaping, kommuneøkonomi og kommunestruktur, regional utvikling og helse- og velferdsforsking.

Lokalavisa er Bø Blad.

Det er turisttrafikk i Lifjellsområdet både sumar og vinter, og Bø har fleire hotell, mange hytter og ei rekkje campingplassar. Fritidsparken Bø Sommarland, som ligg cirka 5 kilometer nord for kommunesenteret, er Skandinavias største vasspark. Det finst òg vidaregåande skule og leirskule.

Samferdsle

Bø er eit trafikknutepunkt med stasjon på Sørlandsbanen og samband vidare vestover. Riksveg 36 går gjennom Bø med samband sørover til Grenland og E18, og vidare vestover til Seljord og E134. Fylkesveg 359 går sørover frå Bø til Lunde og Ulefoss. Det er òg vegsamband mot nord over fjellet til Notodden, men hovudvegen, riksveg 36/fylkesveg 360, går over Gvarv.

Historikk og kultur

Bø Bygdemuseum–Oterholt har ei rekkje bygningar og dessutan felemakarverkstad, folkedraktutstilling, landshandlarmuseum med meir. Østerli bygdetun på Lifjell har utstilling og sal av lokal husflid og handverk. Kommunen har fleire aktive spelemannslag.

Gullbring kulturanlegg frå 1994 har symje- og idrettshall, konsert- og teatersal, galleri og kino. Telemarkshallen med innandørs fotballbane opna i 1995. Det er eit aktivt kulturliv i kommunen med 70 musikk-, idretts- og ungdomsorganisasjonar.

Kvart år blir det arrangert to festivalar: Sommarlandsfestivalen for kor, korps og orkester og Telemarksfestivalen, som er ein internasjonal folkemusikkfestival. Telemark Sommarland er eit fritids- og badeanlegg.

I kommunen ligg tre kyrkjer: Bø gamle kyrkje, truleg frå 1100-talet, og Bø nye kyrkje frå 1875, båe på Bøhaugen, og Jønnbu fjellkyrkje på Lifjell.

Namnet Bø kjem av norrønt bø'r, ‘gard' eller ‘bustad'.

Kart

Bø
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Bø-soga: Telemark, utgj. av Bø kommune, 1972–86, 2 b. i 5
  • Nordbø, K.H. (1991): Trekk frå folkelivet i Bø i eldre tider
  • Skjekkeland, M. (1980): Bø-målet i går og i dag

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg