Faktaboks

Også kjend som

Bøherad

Administrasjonssenter
Fylke
Vestfold og Telemark (frå 01.01.2020, tidlegare Telemark)
Innbyggjartal
6 630 (2019)
Landareal
258 km²
Høgaste fjell
Jøronnatten (1275 moh.)
Innbyggjarnamn
bøhering
Kommunenummer
0821 (fram til 2020)

Kommunevåpen.

Bø

Bø i Telemark. Kommunesenteret omkring Bø jernbanestasjon. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, gitt ut 2005-2007.

Av /KF-arkiv ※.
Kart
Av /Store norske leksikon ※.

Bø var ein kommune i Telemark fylke. Han vart slått saman med Sauherad til Midt-Telemark kommune i 2020 som ledd i ei landsomfattande kommunereform.

I 1867 vart Lunde skilt ut frå Bø som eigen kommune. Sidan den tid har det vore tre grensereguleringar, i 1883 vart to mindre område overførte, eitt frå Heddal og eitt frå Seljord, og i 1914 vart eit mindre område overført frå Sauherad.

Kommunen omfatta Bøelvas dalføre frå tre kilometer ovanfor Gvarv til Seljordsvatnet, heiene sør og nord for hovuddalen, og dessutan delar av Lifjell. Tettstaden , som var administrasjonssenter i Bø kommune, vart vidareført som administrasjonssenter i Midt-Telemark kommune.

Natur

Berggrunnen høyrer til det sørnorske grunnfjellsområdet med mykje harde bergartar som granitt og kvartsitt. Landskapet er kjenneteikna av den vide hovuddalen med Bøelva og skogkledde dalsider og fjell. Godt klima med høge sumartemperaturar gjer at skoggrensa ligg nær 1000 meter over havet.

Høgaste fjelltopp er Jøronnatten på Lifjell på 1275 meter over havet, på grensa til Notodden og Seljord kommunar. Bøelva, frå Seljordsvatnet og gjennom Bø, møter det eigentlege Telemarksvassdraget i Norsjø ved Gvarv, som ligg berre 15 meter over havet.

I dalen er det store sand- og grusmassar. Desse framstår som store sletter eller moer i terrenget, til dømes Eikjamoen og Folkestadmoen om lag 155 meter over havet like nord for Bø. Elles finst sand- og grusavsetningar i ulike trinn, avsett etter som innlandsisen smelta ned og landet steig.

Næringsliv

Jordbruk er ein viktig næringsveg, og bruka i Bø er større enn gjennomsnittet for fylket. Store landskapsflater med skog og fjell omkring og dessutan eit stabilt klima gir eit godt grunnlag for kornproduksjon, husdyrhald og fruktdyrking. Vel to tredelar av jordbruksarealet blir nytta til korndyrking, men det er òg stor grasproduksjon til husdyrhaldet. Delar av industrien er direkte knytt til landbruksnæringa. Ein av dei store arbeidsplassane i Bø er avdelinga av Universitetet i Sørøst-Norge, tidlegare Høgskulen i Telemark.

Det er turisttrafikk i Lifjellsområdet både sumar og vinter, og Bø har fleire hotell og campingplassar, og mange hytter. Fritidsparken Bø Sommarland, som ligg cirka 5 kilometer nord for kommunesenteret, er Skandinavias største vasspark.

Administrativ inndeling.

Bø kommune svarte til soknet Bø i Øvre Telemark prosti. Mot slutten av 1800-talet høyrde Bø til Nedre Telemarken fogderi i Bratsberg amt.

Historikk og kultur

Bø bygdemuseum på Oterholt er ei avdeling av Telemark Museum. Østerli Bygdetun ligg på Lifjell. Telemarkfestivalen, det største folkemusikkarrangementet i fylket, vart stifta i 1990 og vert arrangert kvar sommar. Bø Blad, lokalavisa for Bø, vart grunnlagt i 1986. Avisa har hovudkontor i Bø, kjem ut kvar torsdag og er redigert på nynorsk.

Kommunevåpenet

Kommunevåpenet (godkjent i 1988) hadde tre feler i gull på raud bakgrunn og viser til spelemanns- og felemakartradisjonen som har stått sterkt i kommunen.

Kart

Bø

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar (1)

skreiv Jon Halvor SVALBJØRG

Bø har bare ett hotell. Det er også merkelig at det ikke står noe om Bø Sommarland under næring. En av de største næringene er turisme, og Sommarland har i snitt ca. 130 000 besøkende i året

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg