Bärbel Bohley

Faktaboks

Bärbel Bohley
Født
24. mai 1945, Berlin, Tyskland
Død
11. september 2010

Artikkelstart

Bärbel Bohley var en tysk kunstmålar og borgarrettsaktivist i DDR (Aust-Tyskland). Bohley var med på å grunnleggje borgarrettsgruppa Neues Forum. Ho var blant dei aller mest sentrale borgarrettsforkjemparane reformhausten 1989, då DDR braut saman.

Bakgrunn

Bohley vart fødd i Berlin, og fekk etternamnet Brosius av foreldra. I 1970 gifta ho seg med målaren Dietrich Bohley og tok etternamnet hans. Ho vart uteksaminert frå Kunsthøgskolen i Berlin-Weisennsee i 1974. Dei kunstnariske inspirasjonskjeldene hennar var etter det ho sjølv sa Käthe Kollwitz og Francisco de Goya.

Aktivisme

Bohley høyrde til i krinsen rundt DDRs mest kjende opposisjonelle, Robert Havemann og kona hans Katja Havemann. Tidleg på 1980-talet grunnla ho borgarrettsgruppa Frauen für den Frieden (Kvinner for fred). Eit år seinare vart ho fengsla av Stasi, skulda for å ha drive aktivisme som potensielt kunne skade DDR. Utetter på 1980-talet engasjerte ho seg stadig sterkare for ytringsfridom og demokrati, og ho var også med på å grunnleggje Initiative für Frieden und Menschenrechte (Initiativet for fred og menneskerettar.

I januar 1988 vart Bohley arrestert på nytt, og denne gongen vart ho utvist frå landet. Ho fekk først lov til å komme tilbake hausten 1988. 9. september 1989 var ho med på å grunnleggje Neues Forum (Nytt forum). Denne gruppa var ein av dei største og viktigaste reformgruppene i DDR hausten 1989.

I september 1990 var Bohley med på å okkupere tryggingstenesta Stasis hovudkontor i Normannenstrasse i Berlin. Okkupantane kravde at arkivet etter Stasi skulle taksast vare på for ettertida og gjerast tilgjengeleg for forskarar, og at dei som var blitt overvaka skulle få innsyn i kva informasjon tryggingspolitiet hadde samla om dei.

Etter 1990

Bohley er kjent for sitatet «vi ville ha rettferd – i staden fekk vi rettsstaten». Det ho siktar til er at det var svært få brotsverk frå DDR-tida som vart påtala eller dømt etter at DDR braut saman.

Etter at ho fekk innsyn i si eiga Stasi-mappe skulda ho sin tidlegare advokat, Gregor Gysi, for å vere informant for Stasi. Bohley hevda at delar av informasjonen Stasi hadde samla inn om henne, ikkje kunne stamme frå nokon andre enn Gysi. Gysi nekta for skuldingane, og fekk støtte i tysk rett for at påstandane ikkje kan bevisast.

I 1994 fekk ho tildelt æresordenen Bundesverdienstkreuz for arbeidet sitt for demokrati i DDR. Dei siste åra av livet var ho sterkt engasjert i arbeid for flyktningar og heimlause etter krigen i Bosnia.

Bohley døydde av lungekreft 11. september 2010.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg