Aziz Nesin, tyrkisk forfattar. Ein av Tyrkias mest produktive forfattarar, best kjent som satirikar. I romanar, og spesielt i novelleformen, brukte han humoren for å ta til orde ikkje berre mot styresmaktene, men og mot vankunne og bakstrev på det personlege planet. Sjølvbiografien hans er ei uvurderleg kjelde til levemåte og mentalitet i Istanbul i mellomkrigstida. Ei novelle av han er omsett til norsk og finst i tidsskriftet Basar (nr. 3, 1976).

Foreslå endringer i tekst

Foreslå bilder til artikkelen

Kommentarer

Har du spørsmål om eller kommentarer til artikkelen?

Kommentaren din vil bli publisert under artikkelen, og fagansvarlig eller redaktør vil svare når de har mulighet.

Du må være logget inn for å kommentere.