Axel er eit mannsnamn. Det er ein variant av Aksel som er ei dansk omforming av det bibelske Absalon med tydinga ‘fredens far’. Stavemåten Axel er nesten einerådande i Sverige (sjå også den allmenne ortografiske regelen i svensk med [x] i staden for [ks], til dømes [lax] mot norsk [laks]). Dei få som skriv namnet sitt Aksel i Sverige, har oftast norsk eller dansk bakgrunn.Namnet har fleire variantar: Aksel, Axel.Personar med namnet AxelKulturell brukAxel og Valborg er eit kjærastepar i ei dansk folkevise. Skodespelet «Axel og Valborg» (1810) av Adam Oehlenschläger gjorde Axel populært i Danmark.Kjende personar med namnet AxelEit utval personar med namnet Axel, og som er omtalt i Store norske leksikon:Axel von Fersen (1755–1810)Carl Axel Gottlund (1796–1875)Axel Munthe (1857–1949)Axel Revold (1887–1962)Axel Salto (1889–1961)Axel Stang (1904–1974)Axel Kielland (1907–1963)Axel Jensen (1932–2003)Axel Hellstenius (1960)Per Axel Koch (1961)Axel Teichmann (1979)Namnestatistikk I 2022 var det 2 074 menn i Noreg som hadde Axel som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 57 gutar som fekk namnet Axel.Utvikling i bruk av namnetNamnestatistikken for 1800-talet baserer seg på folketeljingar, og då var det oftast registerføraren som bestemte kva for stavevariant som skulle førast inn i teljinga – ikkje namneberaren sjølv. Derfor er variantane Aksel og Axel slått saman, og dei er presenterte med ei felles kurve for 1800-talet. Aksel og Axel er blant dei namna som vart populære under den nordiske namnerenessansen. Det var nordisk nasjonalromantisk dikting som gjorde namnet kjent, til dømes gjennom verk av Adam Oehlenschläger. Axel og Aksel fekk eit tidlegare oppsving (1840-åra) enn dei fleste andre namna som høyrer til namnerenessansen.Les meir i Store norske leksikonmannsnamnførenamn, mellomnamn, etternamnpersonnamnOm namneartiklane på snl.noLitteraturAlhaug, Gulbrand 2018: [Axel] i Sverige – [Axel/Aksel] i Noreg. Om bruken av [x] og [ks] i svensk og norsk. I: Leila Mattfolk & Kristina Neumüller (red.): [Katharina och namnen: Vänskrift till Katharina Leibring på 60-årsdagen den 20 januari 2018]. Uppsala.