Faktaboks

Administrasjonssenter
Bruhagen
Fylke
Møre og Romsdal
Innbyggjartal
5 828 (2022)
Landareal
173 km²
Høgaste fjell
Mekknøken (751 moh.)
Innbyggjarnamn
averøying
Målform
nøytral

Kommunevåpen

Kart: Averøy kommune i Møre og Romsdal
Averøy kommune i Møre og Romsdal fylke.
Kart: Averøy kommune i Møre og Romsdal
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0
Averøy

Averøy. Parti ved Litlsandøya. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, gitt ut i 2005–2007.

Av /KF-arkiv ※.

Averøy er ein kommune i Møre og Romsdal fylke, på nordmørskysten sørvest for Kristiansund. Kommunen ligg i sin heilskap på øyar og består av den 165 km² store Averøya og mange mindre øyar og holmar nordvest for denne.

Averøy kommune er skild frå fastlandet og nabokommunane: Hustadvika i Lauvøyfjorden/Kornstadfjorden i sørvest og sør, Gjemnes i Kvernesfjorden i søraust og Kristiansund i Bremsnesfjorden i aust og nordaust.

Kommunen blei oppretta 1964 ved samanslåing av tidlegare Kvernes kommune og dei to tidlegare kommunane Kornstad og Bremsnes sine delar av Averøya og dei mindre øyane utanfor. Det var ei mindre grensejustering i 1983 då Eldhusøya på Atlanterhavsvegen blei overført frå Eide til Averøy, men endringa påverka ingen busette.

Natur

Berggrunnen i Averøy er grunnfjell som er omdanna i kaledonsk tid (sjå den kaledonske orogenesen), og er hovudsakleg sett saman av ulike gneisar. Lokalt er det førekomstar av hornblendeskifer, glimmerskifer og kalk/marmor, likeins førekomstar av djupbergartar som granitt og gabbro. I nord og vest dominerer strandflatelandskap med myr og lynghei. Ut mot Hustadvika er kystlinja oppriven og variert med mange skjer. Sentralt på Averøya er det eit større fjellparti, og her ligg Mekknøken (751 moh.) som det høgaste fjellet i kommunen.

Busetjing

Det meste av busetnaden ligg på strandflata og er spreidd. Berre 28 prosent av befolkninga bur i tettstader (2021), alle på nordsida av Averøya (folketal i 2021 parentes): Kårvåg (315) ved Atlanterhavsvegen i vest, Bremsnes (1024) mot Bremsnesfjorden i aust og Sveggen (289) ved Sveggesundet mellom Sveggøya og nordspissen av Averøya. Til samanlikning bur 74 prosent av befolkninga i Møre og Romsdal i tettstader (2021).

Av befolkninga i kommunen bur 79 prosent på Averøya og 21 prosent på øyane i nord, først og fremst Sveggøya, Ekkilsøya, Tjønnøya, Langøya, Hasløya og Storsandøya (2019). Kommunesenteret er Bruhagen, som ligg ved Straumsvågen noko sør for Bremsnes.

Averøy hadde ein viss nedgang i folkemengda frå slutten av andre verdskrigen og fram til midten av 1960-talet. Sidan har kommunen stort sett hatt vekst i folketalet, i tiårsperioden 2010–2020 med gjennomsnittleg 0,6 prosent årleg, same vekst som for Nordmøre samla sett (med kommuneinndelinga frå 2020). Til samanlikning var den årlege veksten i heile Møre og Romsdal på 0,5 prosent i denne perioden.

Kart over Averøy kommune
Kart over Averøy kommune
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Næringsliv

Ti prosent av arbeidsplassane i Averøy er i primærnæringane, mot fire prosent i heile fylket (2019). Den høge andelen kjem særleg av det store fisket som blir drive i kommunen. Fiskeflåten som høyrer heime i kommunen, hadde i 2018 ein ilandført fangst til ein førstehandsverdi på 221,7 millionar kroner, den høgaste verdien blant alle kommunane på Nordmøre og i Romsdal. Berre ein mindre del av denne fangsten blir ilandført i kommunen. Averøy er òg ein viktig kommune for fiskeoppdrett, sjølv i landsmålestokk.

Jordbruksarealet er nesten i sin heilskap eng og beite. Kommunen har atskilleg mjølkeproduksjon, og det blir halde ein del sau.

I 2019 stod industrien for 19 prosent av arbeidsplassane i kommunen, 30 prosent medrekna byggje- og anleggsverksemd, kraft- og vassforsyning og renovasjon. Det meste av industrien er knytt til fisket. I 2019 var såleis 66 prosent av industriarbeidsplassane i næringsmiddelindustrien, mellom anna ein større fôrfabrikk, og 32 prosent i verkstadindustrien, særleg maskinindustri.

Turistnæringa i Averøy er ei næring i vekst.

Blant arbeidstakarar som er busette i Averøy, har 40 prosent arbeid utanfor kommunen, og av dette arbeider 20 prosent i Kristiansund, 4 prosent i Hustadvika, 3 prosent i Molde og 1 prosent i kvar av byane Ålesund, Oslo og Trondheim (alt basert på kommuneinndelinga frå 2020).

Samferdsel

Vegnettet er av god standard, og øyane som har busetjing, er knytte saman med bruer. Fv. 64, Atlanterhavstunnelen (opna i 2009), knyter Averøya til Kristiansund i aust. Same veg går over nordre del av Averøya og knyter Averøya til fastlandet i vest via Atlanterhavsvegen (nasjonal turistveg, opna i 1989) og vidare via tettstaden Eide i Hustadvika og over Fræneidet til Molde.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

Averøy høyrer til Møre og Romsdal politidistrikt, Møre og Romsdal tingrett og Frostating lagmannsrett.

Kommunen er med i det interkommunale politiske rådet Nordmøre IPR saman med Aure, Gjemnes, Kristiansund, Smøla, Sunndal, Surnadal og Tingvoll.

Averøy kommune svarer til dei tre sokna Bremsnes, Kornstad og Kvernes i Ytre Nordmøre prosti i Møre bispedømme i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Averøy til Nordmør fogderi (futedøme) i Romsdals amt.

Delområde og grunnkrinsar i Averøy

For statistiske formål er Averøy kommune (per 2021) delt inn i fem delområde med til saman 24 grunnkrinsar:

  • Nordre Averøy: Sveggen, Futsæther, Bremsnes, Røsand, Ekkilsøy, Kristvik, Ødegård
  • Indre Averøy: Kverna, Rokset, Meek, Rånes, Stene
  • Vestre Averøy: Lillemork, Utheim, Folland, Rangøy
  • Ytre Averøy: Henda, Langøy, Kjønnøy, Sandøy
  • Midtre Averøy: Vebenstad, Øvre Bådalen, Nekstad, Hoel

Historikk og kultur

Averøy har mange fornminne frå Fosnakulturen, særleg rundt Bremsnes: gravhaugar og restar etter buplassar, mellom anna i den 75 meter lange Bremsneshola. Det er elles ei stor gravrøys på Rånestangen lengst sørvest på Averøya og helleristningar med 17 figurar frå yngre steinalder på Søbstadklubben på vestsida av Sundsfjorden nord på Averøya.

Ved Langøysundet ligg eit minnesmerke over det såkalla Langøyforliket mellom Magnus den gode og kystbøndene i 1040.

Averøy har tre kyrkjer og dessutan Kvernes stavkyrkje frå 1300-talet lengst søraust på Averøya. Dette er ei av dei tre bevarte stavkyrkjene i Møre og Romsdal. Gamle Kvernes bygdemuseum har rundt 15 bygningar og ei eiga kystavdeling og arkeologisk avdeling. På Bremsnes ligg eit freda dommarsete.

Namn og kommunevåpen

Kommunevåpenet (godkjent i 1986) har tre nedovervende pilspissar i gull mot ein raud bakgrunn. Motivet viser til arkeologiske funn i kommunen. Det har seinare også blitt tolka om til fredssymbol og sett i samanheng med Langøyforliket.

Namnet Averøy har uviss betydning. Det kjem kanskje av norrønt afr, ‘stor', eller frå ordrota av, ave, i betydninga ‘vasspytt, bukt', som eventuelt siktar til grunne sund og fjordar nordvest på øya.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Averøy bygdebok, 1979-, 3 b.
  • Strand, Edvin L.: Historisk oversikt for Kvernes gamle prestegjeld, Meek tinglag, Aferøyar skipreide, 1975
  • Sundnes, R.K.: Kvernes prestegjeld i gammel og ny tid, 1948-56, 3 b.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg