Austmannalia er ei fjellside i Røldal, Ullensvang kommune, Vestland fylke, nord for Røldal tettstad.

Haukeliveien vart bygd oppover lia i 1880, med åtte krappe slyngjer på den 3,4 km lange parsellen, stigning 1:12. Vegen er seinare lagd i vendetunnel (E134). Den gamle vegen er open for trafikk om sommaren. Denne er freda som kulturminne.

Namnet er etter austlendingane, 'austmenn' som kom over fjellet, og vitnar om ferdsle i eldre tider.

Kart

Austmannlia
Austmannlia
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg