Låtefossen sett frå riksvei 13

Austdølo er ei elv i Ullensvang kommune, Vestland fylke. Austdølo kjem frå Reinsnosvatnet (594 meter over havet) på den sørvestre delen av Hardangervidda og renn herfrå vestover til Lotevatnet (340 moh.). Til Reinsnosvatnet renn Ljoso og Reinso, begge med dei øvste kjeldene sine i Hardangervidda nasjonalpark.

Vestover frå Lotevatnet har Austdøla to løp som dannar kvar sin av dei to fossane som Låtefoss utgjer. Dei har ei fallhøgd på snaut 160 m ned til Skarselva i Oddadalen. Herfrå og nedover til Sandvinvatnet heiter elva Storelvi; nedanfor dette vatnet Opo.

Austdølo er varig verna mot utbyggjing.

Kart

Austdølo
Austdølo
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg