Infinitivsending i norske dialekter
Kartet viser amtsinndelinga på Agder frå 1671 og utover. Råbyggelaget amt strekte seg frå Hornnes-Evje i sør til Bykle i nord.
Kartet viser amtsinndelinga på Agder frå 1671 og utover. Råbyggelaget amt strekte seg frå Hornnes-Evje i sør til Bykle i nord.
Tonegangen, musikken i orda kjem fram i ord som sola, boka, døra (tonem-1-ord). Vest på Agder har slike ord høg tone først i ordet, og tonen fell deretter mot slutten av ordet, kalla høgtone. Denne tonegangen er vanleg i vestlandsk og nordnorsk. Aust på Agder har ein som på Austlandet låg tone først i ordet, og tonen stig mot slutten av ordet, kalla lågtone. Grensa mellom tonegangen høgtone og lågtone går ved Lillesand.

Det er stor skilnad mellom dialektene langs kysten og innover i landet. Uthavnene på Agder hadde på 1500-talet og framover mykje kontakt med Danmark, Holland og England. Bildet er frå uthavna Brekkestø i Lillesand kommune.

.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Dialektene på Agder høyrer inn under det vestnorske målområdet. Det er stor skilnad på dialektene i vest og aust. Dei vestlege dialektene har mykje felles med dialektene på Vestlandet, medan dialektene aust i fylket liknar på dialektene på Austlandet.

Det er også stor skilnad mellom dialektene langs kysten og i innover i landet. Som eit resultat av at folk på Agder-kysten har hatt mykje kontakt seg imellom og utover til andre land, har kystmåla mange felles drag og er likare enn måla i midtre og indre strøk. Til dømes har dialektene mellom Arendal og Lista ein god del felles med måla på andre sida av Skagerrak, i Danmark. Det gjeld dei «blaude» konsonantane, men også andre særdrag i språklydar og bøying. Dei midtre og indre måla på Agder har ikkje hatt denne påverknaden, og har bevart eldre trekk. Dei er dermed i slekt med dei midlandske eller vestlandske måla.

Lydverk (fonologi)

Det finnast fleire særdrag i språklydane i dialektene på Agder.

«Blaude» konsonantar

Ein overgang frå dei harde konsonantane p, t, k til dei blaute b, d, g finn ein på mykje av Agder. Dette dialektområdet kallast «den blaude kyststriba». Overgangen skjer når kort (enkel) p, t, k står etter lang vokal i ordet. Døme er: å tabe, å gabe, å bide (bita), å vede (vita), ei bog, å koge. Vest på Agder går dei blaude konsonantane omkring 70 km inn i landet. Ikkje all sørlandsk har overgangen p, t, k til b, d, g. I dialektene aust for Arendal finn ein harde konsonantar (p, t, k) heilt ut i havgapet.

Skarre-r

Kartet viser utbreiinga av skarre-r.
Kartet viser utbreiinga av skarre-r.
Lisens: CC BY SA 3.0

Måla vest for Risør har skarre- r (her skriven R), det vil seia ein bakre -r som blir uttalt ved at bakre delen av tunga vibrerer mot den bakre blaute ganen. Lyden kan også bli laga ved at drøvelen vibrerer mot den bakre delen av tungeryggen. Døme er: «ho skReiv på eit aRk, «bRusen vaR RaR på faRgen». Skarre-r-en har dei siste 70–80 åra spreidd seg mykje både i nordleg og austleg retning på Agder.

ll til dl eller dd

Gammal ll held seg som ll i kystbygdene (alle var i kjellaren). I vest blir det dl (adle var i kjedlaren), som i Rogaland, og i indre Agder til dd (adde var i kjeddaren).

Opne vokalar og diftongering

Kystmåla har dei vanlege «norske» ni vokalane. På indre Agder har ein i talemålet ein open o-lyd (ò). Det er då skilnad på ord som å lòve og ein låve. Eit stykke inne på Agder høyrer ein elles ein god del diftongering av norrøne lange vokalar, døme er: teime (time), heus (hus) og soul (sol). I Øvre Setesdal er diftongeringa særleg sterk, og er på ein måte eit sentralt trekk i dialekta. Døme frå Setesdal er: å beite (å bita), an suyl'e (syl), å suyne seg (syne seg), a muyr (ei myr), ait heus (hus) og søyt’e (søt).

Tjukk l og retrofleksar

Lengst aust på Agder, omkring Risør, liknar dialekta mykje på dei reint austlandske måla i Nedre Telemark. Det gjeld tonelaget (med lågtone), men også særdrag som tjukk l, tungespiss-r og retrofleksar (det siste i ord som surt, ferdig, fort og andre).

Tonelag (tonem)

Dialektane på Agder, som det meste av norsk talemål, har to tonelag. Desse kallast tonem 1 og tonem 2. Tonelaga kan skilja ord frå kvarandre, jamfør ordparet bønder (tonem 1, fleirtal av bonde) og bønner (tonem 2, fleirtal av ei bønne), huse (huset, tonem 1) og å huse (verb, tonem 2).

Tonegang (høgtone og lågtone)

Den musikalske utforminga (intonasjonen) av kvart tonem varierer i norsk. Me snakkar då om tonegangen i orda. Tonegangen kjem klarast fram i ord som sola, boka, døra (tonem-1-ord). Vest på Agder har slike ord høg tone først i ordet, og tonen fell deretter mot slutten av ordet, kalla høgtone. Denne tonegangen er vanleg i vestlandsk og nordnorsk. Aust på Agder har ein, som på Austlandet, låg tone først i ordet, og tonen stig mot slutten av ordet, kalla lågtone. Grensa mellom tonegangen høgtone og lågtone går ved Lillesand. Ein kan dermed slå fast at dei egdene som bur aust for Lillesand har austlandsk tonegang (intonasjon) i mange ord.

Formverk (morfologi)

A-ending og e-ending

Ein viktig skilnad mellom dialektene på Agder er at dei vestlege dialektene er a-mål og dei austlege er e-mål. A-mål er dialekter der infinitiv av verb og svake hokjønnsord i ubestemt form eintal endar på vokalen -a, til dømes å kasta, å vera, ei visa og ei jenta. E-mål er dialekter der desse orda endar på e: å kaste, å vere, ei vise og ei jente. I a-målsmålområdet har opphavleg trykklett ‑a halde seg i mest alle stillingar. I tillegg til i verb og svake hokjønnsord finn ein her endinga ‑a i adjektivformer som den stora kyrkja, det stora fjellet.

At vestlege dialekter er a-mål og austleg dialekter er e-mål, er eit resultat av eldre administrative forhold. Frå 1671 og heilt til 1919 var Noreg inndelt i amt. Det tidlegare Vest-Agder fylke høyrde til Lister og Mandal amt, medan tidlegare Aust-Agder fylke høyrde til Nedenes amt. Denne administrative inndelinga har knytt folk saman i kvart sitt amt og sett spor etter seg i dialektene. Det går altså en dialektgrense i nord-sør-retning, og deler Agder-dialektene i to hovudgrupper. Denne nemnde grensa følgjer stort sett grensa mellom gamle Lister og Mandal amt i vest og gamle Nedenes amt i aust. Indre delar av nåverande Agder fylke høyrde til Råbyggelaget amt, og dei som i dag bur i dette området, har mange felles arkaiske trekk i språket.

I tillegg finn ein fleire andre dialektgrenser (isoglossar) som går i nord-sør retning og skil austlege dialektar frå vestlege. Dialektgrensene fortel korleis folk på ulike plassar har hatt samband austover og vestover i ulik grad. Mykje tyder på at austlege språkdrag må ha breidd seg vestover. Dei har spreidd seg lengst mot vest langs kysten, der samkvemmet mellom folk i aust og vest var intenst og allsidig. Jamfør at det austlege e-målet strekker seg vestover heilt til Mandal. I innlandet har høge heiestrekningar hindra språkframmarsjen austover.

Frå Kristiansand og vestover glir dialektene gradvis over i det vestnorske målområdet. Det gjeld både tonegang, fonologi og morfologi. Fleire av dialektene heilt aust på Agder liknar på sør-austnorske mål ved at dei til dømes manglar i-omlyd i presens av sterke verb. Her heiter såleis: komme(r), sove(r), gå(r) og også presens har. Vest på Agder i indre bygder heiter det kjem'e, søv'e, jeng'e – og hev'e.

Substantivbøying

I substantivbøyinga har kystmåla stort sett få og enkle former, medan innlandsmåla (og særleg Setesdal) har bevart noko av den gamle formrikdommen.

Kystbygda Søgne:

  • ein hest – den hesten - fleire heste - alle hestane
  • ei skål - den skåla - fleire skåle - alle skålane
  • ei visa - den visa - fleire vise - alle visane
  • eit hus – det huset fleire hus alle husane

Her legg ein merke til at alle hokjønnsorda ender på -a i bestemt form eintal, og at hankjønnsorda og hokjønnsorda har same endinga i ubestemt form fleirtal.

Fjotland på indre Agder:

  • ein hest - den hesten - fleire hesta - alle hestan
  • ei skål - den skålæ - fleire skåle - alle skålen
  • ei visa - den viså - fleire vise - alle visen
  • eit hus - det huset - fleire hus - alle husan

Her ser ein at sterke og svake hokjønnsord har ulik ending i bestemt form eintal, og at hankjønnsorda og hokjønnsorda har ulike endingar i ubestemt form fleirtal (som i nynorsk skriftmål).

Øvre Setesdal:

  • an hest’e - den hesten - fleire hesta - adde hestan
  • ei skål - den skælei - fleire skåli - adde skålin
  • ei vise - den visa - fleire visu - adde visun
  • ait hus - det huse - fleire hus - adde husei

I Øvre Setesdal har sterke og svake hokjønnsord ulik ending i bestemt form eintal (skåleivisa), i tillegg har substantiva tre endingar i fleirtal, slik det var i gammalnorsk: fleire hesta – fleire skåli – fleire visu: Her i Øvre Setesdal finn ein også dativbruk; det heiter denne feine dagjen (den fine dagen, vanleg form), men saint å dagjæ (seint på dagen, dativform).

Pronomen

I dei personlege pronomena finn ein på Agder desse formene: 1. person eintal: e – me (eg– meg), 1. person fleirtal: mi/vi – oss (kysten) og me – òkke (innlandet), 2. person fleirtal: dere – dere (kysten), dokke/dykke – dokke/dykke (innlandet).

Om formene i Setesdal, sjå dialekter i Setesdal.

Subjektsform som subjekt og objekt

I kystmåla aust på Agder finn ein det fenomenet at subjektsforma du blir brukt både som subjekt og objekt. Døme på dette er: kan e kjøre med du? og e ska kåmme hen te du.

Verb

Alle kystmåla (bortsett frå lengst i vest) har former utan vokalskifte frå infinitiv til presens av sterke verb, det heiter her: kåmmer, såver, går og står. Innlandsmåla har formene kjem’e, søv’e, gjeng’e, stenn’e.

Bortfall av r i substantiv og verb

Vest for Kristiansand bli endings-r-en borte i fleirtal av substantiv og i presens av verb, døme: fleire hestår og e (eg) kastår blir her fleire heste og e kaste. I området Mandal-Lindesnes-Lista finn ein i tradisjonelt mål ei verbbøying med endinga -e i alle former av a-verba: å kaste – kaste – kaste – har kaste. I dag er det ein tendens til at a-endinga kjem inn i preteritum og i presens perfektum: å kaste – kaste – kasta – har kasta.

Tendensar og dialektutvikling

Heilt aust på Agder ser ein at austnorske språkdrag frå innpass i dialekta. Det gjeld til dømes dei austnorske retrofleksane, som i dag kan høyrast i Arendal og så langt vest som til Grimstad. Austnorsk tonegang i enkeltord og i setningsrytmen får også innpass i kystmåla i aust. Påverknad frå austnorsk og også frå normalmålet er det når dei blaude konsonantane i ord som å tabe, å ede, å bage i dag blir borte i Kristiansand og i Arendal, og til dels i bygdene rundt desse byane.

Kystmålsekspansjon

Det er på Agder mange døme på at særtrekk i kystmåla breier seg til midtre og indre strøk i fylket. Skarre-r-en held såleis fram med å breia seg frå sør mot nord. Konsonant­sambandet ll som finst på kysten, trenger ut innlands-uttalen dd (adde blir då til alle, kjeddar blir kjellar). Innlands-former med lang vokal i somme ord , som å kåma og gamal må vika for kystformene kåmma/kåmme og gammal/gammel. Diftongerte former i vestlege innlandsbygder, i ord som teime (time), leim (lim) og ei døyna (dyna), ei soul, eit heus blir til time, lim, dyna, sol og hus. Samanfallet av kj- og sj- lyden i ord som sjekk og kjekk og skjenne og kjenne var lenge eit kystfenomen, men har nå breidd seg eit godt stykke inn i landet.

Frå morfologien kan nemnast at hokjønnsbøyinga bygdæ – visa i indre strøk blir til bygda – visa (får same endinga). Presensformer som kjem’e og søv’e blir erstatta av kyst-former som kåmme og såve. Fleirtalsbøying av verb i Setesdals-målet: eg kjem’e – de kåme (presens), blir borte, og forma kjem’e tek her over både i eintal og fleirtal.

Skilnader mellom kyststrøk og innland

Setesdal

Alderdommelege særdrag i talemålet kjem fram når me reiser opp Setesdalen. Frå Kristiansand til Valle, ei strekning på cirka 15 mil, endrar dialekten seg i ein grad som kan svara til 500 år med normal språkutvikling på ein og same staden. Bildet er frå Setesdal og viser eit parti med Otra like sør for utløpet frå Byglandsfjorden. I framgrunnen Senum i Evje og Hornnes kommune. Bildet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, gitt ut 2005–2007.

Av /NTB Scanpix ※.

Kystfolket på Agder har hatt mykje kontakt både med kvarandre og med naboar i aust og vest. I tillegg hadde dei ein god del samband med folk frå andre landsdelar og frå utlandet. På Agder-kysten har det vore livleg samband med folk frå Danmark, Holland og England: Viktig her er perioden som er kalla «hollendartida» på Sørlandet frå 1550 til 1750. I denne perioden var det ein svært omfattande handel mellom dei hollandske kjøpmennene og bøndene og byborgarane på Agder-kysten. Sørlandskysten var på 1500-talet og vidare framover på heile 1800-talet eit slags Klondyke, der ein kunne høyra mange dialekter og tungemål. Folk i bygdene lenger inne i landet merka knapt noko til alt som føregjekk der ute ved kysten.

Når dialekter og språk møtest på denne måten oppstår det gjerne forenklingar i språksystemet. Kystmåla på Agder skil seg mykje frå måla i indre strøk av fylket, og blir ofte karakteriserte som «moderne dialekter». I dette ligg det at kystmåla har utvikla seg langt bort frå det gammalnorske språksystemet. Gammalnorsk hadde eit rikt bøyingssystem, med mange ulike endingar på orda. I kystmåla, frå Mandal i vest og austover langs Skagerakkysten, har endingane ofte falle i hop til eit enklare bøyingssystem.

Når ein reiser innover i landet på Agder, kryssar ein fleire dialektgrenser der eitt særtrekk i talemålet sluttar og eit anna tek over. Dialekta endrar seg frå sokn til sokn oppover dalen. Dei midtre og indre måla på Agder må kallast arkaiske dialektar og er i slekt med dei midlandske eller vestlandske måla. Særleg sterkt kjem dei alderdommelege særdraga til syne når me reiser opp Setesdalen. Frå Kristiansand til Valle, ei strekning på cirka 15 mil, endrar dialekta seg i ein grad som kan svara til 500 år med normal språkutvikling på ein og same staden. Setesdalsdialekta slik ho blir snakka i øvre delar av dalen, er den dialekta i Noreg som ligg tettast opp til gammalnorsk. Her kan ein høyra ord og former – særleg hos eldre folk – som for lenge sidan er borte dei fleste andre stader i landet.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Hannaas 1921, Torleiv Hannaas: Sætesdals-målet. I: Norske Bygder I: Bergen: J. Grieg.
  • Skjekkeland 1978, Martin Skjekkeland: Noko om målet i Vest-Agder. I: Agder Historielags Årsskrift 56/1978: 115-137.
  • Skjekkeland 1999, Martin Skjekkeland: Agder – ein region mellom aust og vest. Kva skjer med talemålet i området? I: Målbryting 2/1999: 76-97 (= Skrifter frå prosjektet Talemålsendring i Noreg). Universitetet i Bergen.
  • Syvertsen 1977, Ole Bernt Syvertsen: Egdemål. I: Alf Kristiansen (red.): Norske Bygder. Agder: 281-288. Oslo: Gyldendal.
  • Torp 1990, Arne Torp: Hvor er Sørlandet – og hva er sørlandsk? I: Jahr (red.) 1990, Ernst Håkon Jahr: Den store dialektboka: 29-44. Oslo: Novus.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg