Aurelia er eit kvinnenamn som går tilbake til det romerske slektsnamnet Aurel-ius/-ia laga til aurum som tyder ‘gull’.

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet, kan ha vore motehandlar Aurelia Coudrio fødd 1820 i Kristiania. Ho høyrde truleg til ei fransk slekt som slo seg ned i Noreg på 1600-talet.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 60 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Aurelia som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg