Augustinus Flor

Faktaboks

Augustinus Flor

Augustinus Augustinussen Flor

Født
18. mai 1719, Rollag, Viken
Død
1787, Danmark

Artikkelstart

Augustinus Flor var ein norsk prest. Han var mellom dei første namngitte nordmenn som skreiv på bygdemål. Dei humoristiske høvesdikta hans har både språkhistorisk og kulturhistorisk interesse.

Augustinus Flor var fødd i Rollag i Buskerud. Han vart student ved Universitetet i København i 1737 og cand.theol. i 1740. Flor arbeidde som prest i Rollag frå 1748, og frå 1763 var han residerande kapellan i Holbæk og Mehrløse på Sjælland i Danmark, fram til han døydde. Flor var mellom dei første i Noreg som interesserte seg for dialektar, særleg rollagsmålet.

Rundt 1743 skreiv han ned folkelege bygdemålsviser med tittelen Nogle Vers Paa Numedals Bonde-Maal som ved adskillige Leiligheder ere forfærdigede av Augustinus Flor. Det er uklart kva han dikta sjølv. «Æi morosam Gjæstebaas-Viise» er eit døme der han sjølv kan ha skrive på rollagsmål. Flor var mellom dei første på Austlandet som skreiv ned humoristiske songar og lystige brudevers.

Slike høvesdikt var populære på 1700-talet. Flors viser gir informasjon om levekår og fattigdom, detaljerte opplysningar om lokal kledebunad, sølvsmedkunst og annan tradisjon. Visene er skrivne med ironisk distanse, men seier samstundes mykje om kjønnsrollemønster og omgangsformer i det gamle bondesamfunnet. Tekstane hans har stor språkhistorisk verdi. Flor hadde framifrå kjennskap til ordtilfang, formverk og syntaks i rollagsmålet.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Bjarne Berulfsen: «Augustinus Augustinussen Flor», Aschehougs konversasjonsleksikon. Oslo 1974
  • Tov Flatin: Gamalt fraa Numedal, bd.1. Numedal sogelag 1913
  • Ingeborg Hoff: «Augustinus Flors viser på numedalsmål og numedalsmålet i dag», Maal og Minne 1952
  • Kjell Venås: Den fyrste morgonblånen. Tekster på norsk frå dansketida. Oslo 1990

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg