Faktaboks

Augustin-Jean Fresnel
Uttale
frɛnˈɛl
Fødd
10. mai 1788, Broglie, Frankrike
Død
14. juli 1827, Ville-d'Avray, Frankrike
Fresnel
Augustin-Jean Fresnel
Av .
Lisens: public domain

Augustin-Jean Fresnel var ein fransk fysikar som levde tidleg på 1800-talet. Han gjorde viktige oppdagingar om lys som styrkte oppfatninga av at lys er ei form for bølgjer. Han fann òg opp eit linsesystem som førte til ei stor forbetring av effektiviteten til fyrtårn.

Biografi

Fresnel blei fødd 10. mai 1788 i Normandie i Frankrike. Frå 1804 til 1806 studerte han ved École Polytechnique, og deretter studerte han ved École des Ponts et Chaussées, der han fullførte ingeniørutdanninga si i 1809. Han blei så tilsett ved Corps des Ponts et Chaussées, der han var tilsett til 1827.

Fresnel var djupt religiøs og såg på det intellektuelle talentet sitt som ei gåve frå Gud som han skulle forvalte til beste for samfunnet. Han avstod frå andre fornøyelsar enn dei forskingsarbeidet gav han, og vurderte utforskinga av naturen som ein del av studiet av Guds skaparkraft og godheit.

Han blei send ut og arbeidde som vegingeniør forskjellige stader i Frankrike fram til 1815. Ved Napoleons tilbakekomst frå Elba var Fresnel med i hæren som prøvde å hindre keisaren frå å rykkje inn i Paris, og etter Napoleons siger fekk Fresnel hundre dagars husarrest, som han etter kvart fekk lov til å sone i bustaden til mor si. Her kasta han seg for alvor over studiet av optikk.

Frå han slapp ut av husarresten og fram til 1824, då han var svekt av tuberkulose, utførte han både optiske eksperiment og presenterte grunnleggjande teoretiske arbeid over bølgjenaturen til lyset.

I eit brev til Thomas Young frå 1824 skreiv Fresnel mellom anna at ingen kompliment han fekk, gav han like mykje glede som ei teoretisk oppdaging eller stadfestinga av ei berekning ved eksperiment.

Fresnel blei vald inn i det franske vitskapsakademiet i 1824 og i Royal Society of London i 1825. Den 6. juli 1827 kom Françoise Arago til Fresnels sjukeleie og overrekte han Rumfordmedaljen for 1824, som Royal Society hadde tildelt han. Fresnel døydde av tuberkulose åtte dagar seinare, 14. juli 1827, berre 39 år gammal.

Fresnels optiske forsking

Fresnels spegelforsøk går ut på at to lysstrålar frå same lyskjelde blir reflektert frå kvar sin spegel, og at speglane dannar ein slik vinkel med kvarandre at strålane etter refleksjonen treffer saman på ein skjerm og får fram eit interferensbilete.

Dei første 20 åra av 1800-talet føregjekk det ein intens diskusjon blant fysikarar i Frankrike om lyset sin natur: partiklar, slik Newton hevda, eller bølgjer, slik Huygens hevda. I 1817 kunngjorde det franske vitskapsakademiet ei prisoppgåve om diffraksjon av lys. Året etter blei det annonsert at Fresnel hadde gått sigrande ut av konkurransen. I prisoppgåva beskreiv Fresnel fleire diffraksjonsfenomen med utgangspunkt i bølgjeteorien for lys.

Dei to neste åra arbeidde Fresnel både med å utvikle eit linsesystem for fyrtårn og med fenomenet delvis lysbryting, det vil seie at når lys treffer ei grenseflate mellom to medium, vil ein del av lyset bevege seg gjennom grenseflata og brytast, medan ein annan del av lyset blir reflektert slik at den reflekterte lysstrålen har ei retning gitt ved Snells lov.

Omkring 1820 arbeidde Fresnel med lyset sin polarisasjon, og i 1821 publiserte han ein artikkel der han forklarte polarisasjonen til lyset ut frå teorien om at lyset forplantar seg som ei transversell bølgjerørsle, det vil seie at svingingane står vinkelrett på forplantningsretninga til lyset.

Grunnlaget for Fresnels optiske arbeid var Huygens' prinsipp, som han bringa i ei eksakt matematisk form basert på bølgjeteorien for lys. Fresnel kunne mellom anna forklare bøyinga av lysstrålar i linser, lysbryting ved grenseflata mellom to medium med ulik brytingsindeks og dessutan korleis lys blir polarisert (sjå krystalloptikk).

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar (1)

skreiv Lars Mæhlum

Foreslår en link til "fyr", der Fresnels revolusjonerende linse er nærmere beskrevet.

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg