August Bosse

Faktaboks

August Bosse
Født
30. april 1873, Øyestad i Arendal, Agder
Død
9. august 1921, Kristiania (no Oslo)

Artikkelstart

August Bosse var typograf og målmann, fagforeiningsleiar og omsetjar. Han var typograf i Den 17de Mai og omsette Det kommunistiske manifestet til nynorsk.

Bakgrunn

August Jacob Bosse var fødd i Øyestad (no Arendal) i Aust-Agder (no Agder) og døydde i Kristiania (no Oslo).

Typografi

Bosse var typograf og hadde spesialutdanning i bruk av typografisk setjemaskin. I fleire år var han maskinsetjar i landsmålsavisa Den 17de Mai i Kristiania, der han var ein av redaktør Rasmus Steinsvik sine nære medarbeidarar. Han sytte for at alt tilfang, også innsendt stoff, strengt følgde avisa si språknorm. Ikkje alle innsendarar sette pris på det.

Rundt hundreårsskiftet hadde han vore typograf i Dagbladet. Han var ein dugande maskinsetjar og vart i 1906 montør ved maskinfabrikken Monoline i Berlin. Då han kom tilbake til Noreg i 1910, tok han til som handelsreisande i boktrykkjarbransjen. Han hadde dette arbeidet til han vart hjartesjuk rundt 1918. Han var maskinmontør og agent for det grafiske firmaet Hansen & Skotvedt og arbeidde òg for maskinfirmaet Olaf Gulowsen.

Fagforeining

Bosse var aktiv i fagforeiningsarbeid. Han hadde styreverv i Den typografiske forening i Kristiania og var frå 1905 til 1907 formann i Norsk centralforening for bogtrykkere, ein av føregjengarane til Norsk Grafisk Forbund. I seinare år skreiv han utanlandmeldingar i bladet til foreininga, Typografiske Meddelelser. Stundom skreiv han på landsmål i dette bladet òg.

Omsetjing

Då helsa svikta rundt 1918, gav han seg i veg med omsetjingsarbeid for Den 17de Mai, Norsk Barneblad og andre blad. For Den 17de Mai omsette han romanar, forteljingar og folkelivsskildringar, som vart prenta som utklyppsbøker i avisa. Mellom titlane er «Al-Mansurs kjærleikseventyr», «Amerika-Johan», «Bruri frå steppone», «Eventyr i Sudhavet», «Farkelaget», «Mark Twains utvalde skissor», «Polsk blod» og «Teaterborn».

Den viktigaste omsetjinga til August Bosse er likevel Det kommunistiske manifestet av Karl Marx og Friedrich Engels. Landsmålsomsetjinga, som munnar ut i appellen «Proletarar i alle land, slå lag!», er signert med pseudonymet «B–e» og vart utgitt i 1921 av Det Norske Arbeiderpartis Forlag med eit føreord av Edvard Bull. Denne omsetjinga er framleis den einaste nynorske omsetjinga av manifestet. Den første riksmålsomsetjinga kom tre år tidlegare, i 1918.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Rune Andersen: Glimt fra Norsk Grafisk Forbunds historie. Bind I. 1882–1966. Oslo 1999
  • Aug. Bosse: «Rettskrivingi.» Typografiske Meddelelser 11.5.1918
  • Oddmund L. Hoel: Norsk målreising 2. Mål og modernisering 1868–1940. Samlaget. Oslo 2011
  • Arne Ording: Norsk centralforening for boktrykkere 1882–1932. Oslo 1932
  • Oslo Maskinsetterklubb: Oslo Maskinsetterklubb gjennom 50 år 1899–1949. Oslo 1949

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg