August er eit mannsnamn som kjem av det latinske namnet Augustus som tyder ‘opphøgd’.

Månaden august har namn etter keisar Augustus.

Namnedag er 28. august. Artur har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet August

Kulturell bruk

  • August er hovudperson i Knut Hamsuns landstrykartrilogi (1927–1933).

Kjende personar med namnet August

Eit utval personar med namnet August, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 2 151 menn i Noreg som hadde August som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 61 gutar som fekk namnet August.

Av dei som heitte August i perioden 1900–2017, var det 67 prosent som hadde dette namnet som det andre førenamnet, til dømes Tor August. Dette inneber at 33 prosent hadde August som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

August er blant dei klassiske namna som hadde den fyrste toppfasen litt etter midten av 1800-talet og som så fekk den neste toppfasen rundt år 2000. Andre døme på slike klassiske namn med omtrent same kurveprofil er Kristian, Martin og Teodor.

Utvikling i bruk av namnet August frå 1800
Utvikling i bruk av namnet August frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet August på 1800-talet.

August var mest brukt i Østfold.

Geografisk variasjon i bruk av namnet August på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

August var mest brukt i Østfold.

Historisk bruk av namnet August
Historisk bruk av namnet August
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Alhaug, Gulbrand 2012: [August] fødd i august, [Julie] i juli eller jula – om fornamn relatert til tidspunktet for fødselen. [Studia anthroponymica Scandinavica 30].

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg