Audhild er eit kvinnenamn som går tilbake til det norrøne Auð-hildr. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘rikdom’ og etterleddet ‘strid’.

Namnet har fleire variantar: Audhild, Audhill.

Namnedag er 30. juli. Aud og Aurora har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Audhild

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet i nyare tid, var Audhild Sonerud fødd 1877 i Kristiania. Foreldra gav barna to namn som ikkje hadde vore brukt før: Audhild og Øylaug. Faren var bokhaldar i Enkekassen i Kristiania. Også dei andre barna fekk nordiske namn: Ragnar og Ørnulf.

Kulturell bruk

  • Audhild i Bjørnstjerne Bjørnsons «Sigurd Slembe» (1862).

Namnestatistikk

I 2022 var det 957 kvinner i Noreg som hadde Audhild som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Ei rekkje samansette nordiske kvinnenamn har ein kurveprofil med topp innanfor perioden 1920–1949, til dømes Asbjørg, Borgny, Ingebjørg, Jorunn, Målfrid, Svanhild og Torbjørg. Dette gjeld også Audhild som var mest brukt 1940–1949.

Utvikling i bruk av namnet Audhild frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Audhild frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg