Atrå stavkirke
Atrå stavkirke
Av /via Arfo forlag.

Atrå stavkyrkje var ei einskipa stavkyrkje i Atrå, i Tinn kommune i Telemark, som vart riven i 1839.

Kyrkja vart innvigd av biskop Ragnar på Hamar rundt år 1180. I 1839 vart ho riven etter at den nye langkyrkja Atrå kyrkje vart oppført i 1836.

Fleire plankar med runeinskripsjonar frå Atrå stavkyrkje er bevart, og blir i dag oppbevarte på OldsaksamlingaKulturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo. Portalen frå Atrå stavkyrkje er datert til perioden 1163 til 1189 og har nær slektskap til portalane i Nore stavkyrkje og Ål stavkyrkje.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg