Asveig er eit nylaga kvinnenamn (1899): As-veig. As- kan vere tatt frå til dømes Aslaug, og -veig frå til dømes Solveig.

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet, var Asveig Enger fødd 1899 i Åmot (Hedmark).

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 100 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Asveig som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg