Astrid Versto

Faktaboks

Astrid Versto
Født
3. august 1953, Vinje i Telemark
Astrid Versto avbildet etter å ha blitt ansatt som informasjonssjef ved Slottet.
Av /NTB scanpix.

Artikkelstart

Astrid Versto er ein norsk diplomat og tidlegare journalist og kommunikasjonsarbeidar. Ho har mellom anna arbeidd som Noregs ambassadør i Zagreb og kommunikasjonssjef i Utanriksdepartementet og ved Det kongelege slott.

Bakgrunn

Astrid Versto er fødd i Vinje kommune i Telemark (no Vestfold og Telemark). Ho tok vidaregåande skule i 1969–1972 og studerte ved Telemark lærerhøgskole i Notodden (no Universitetet i Søraust-Noreg) og Norsk Journalisthøgskole i Oslo (no OsloMet).

Karriere

Versto arbeidde som lærar ved Åmot skule i Vinje før ho begynte som journalist i NRK i 1985. Først var ho radiojournalist i NRK Dagsnytt, i 1991–1995 journalist i NRK Fjernsynet og frå 1995 nyhendeanker i Dagsrevyen og leiar av politisk avdeling. Versto arbeidde i NRK fram til 2000, då ho gjekk til Norad og seinare gjorde karriere i utanrikstenesta.

Språk- og kulturarbeid

I 1988 stod Roger Lockertsen og Astrid Versto bak videoen og opplegget til Noregs Mållag sin haldningskampanje «Nynorsk is a better language». I 1997 gav ho ut boka Hardingfela. Det norske nasjonalinstrumentet, saman med Halvard Kaasa.

Versto var medlem av styret i Noregs Mållag i fleire periodar og nestleiar i 1987–1988. Ho var òg nestleiar i styret for Det Norske Teatret i 2004–2007.

Utmerkingar

Versto fekk Kringkastingsprisen i 1996 for bruken sin av nynorsk i NRK.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg