Aspøya
Mykje av Ålesund sentrum ligg på Aspøya.
Av .
Lisens: CC BY SA 3.0

Aspøya er ei øy og ein bydel i Ålesund kommune, Møre og Romsdal. Det er den midtre av dei tre øyene som utgjer dei sentrale stroka av byen.

Aspøya ligg mellom Hellesundet (opphavleg Ålesundet) i aust og Steinvågsund i vest, med Heissa i vest og Nørve (Nørvøya) i aust. Ho er 0,6 kvadratkilometer og har 3376 innbyggarar (2015).

Forutan bustadområde har Aspøya ein god del næringsverksemd, som varehandel, industri, transport, lager- og hamneverksemd. Langs sjøen er det store, samanhengande hamneområde, blant anna ved Aspevågen i sør. Nordaustspissen av øya utgjer ein del av Ålesunds indre hamnebasseng. Ålesund kyrkje ligg på Aspøya. Vest for Aspegata, som går tvers over øya vest for Ålesund kyrkje, er det bevart eit eldre trehusmiljø; aust for gata er husa i mur, oppført etter bybrannen i 1904.

Ålesund Fiskerimuseum ligg på nordsida av Aspøya. E 136 (Dombås-Ålesund) har endepunkt på øya.

Kart

Aspøya
Aspøya
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg