Aslaug Låstad Lygre var lyrikar og kontorarbeidar. Ho skreiv songbare og stemningsfulle dikt og er kjend for viseklassikaren «Vi skal ikkje sova bort sumarnatta» til tone av Geirr Tveitt.
Aslaug Låstad Lygre blei fødd i Lindås i Nordhordland. Ho gjekk på Fana Folkehøgskule, tok examen artium ved Voss Landsgymnas og tok to år seinare handelsgymnaset i Bergen. Ho arbeidde i Gula Tidend 1934–1935 og i ti år som økonomimedarbeidar på kontoret til Vestlandske Salslag i Bergen.
I seks diktsamlingar mellom 1943 og 1964 skriv ho om natur, kjærleik, eksistens og identitet, ofte med religiøse medtonar. Debutsamlinga No blømer alle rosene og samlingane deretter har motiv frå fjellet og kysten i Nordhordland. Seinare blir motivkrinsen utvida med byscener og reiseinntrykk. Den tredje samlinga, Den einsame roaren, er rekna som det lyriske gjennombrotet.
Dei fleste dikta har tradisjonell form med fast rytme og rim, mange er songbare, og mange er blitt lesebokdikt. Klassikaren «Vi skal ikkje sova bort sumarnatta» (1948) blei til då Aslaug Låstad Lygre låg alvorleg sjuk å på Luster sanatorium, og er spelt inn på plate av ei mengd artistar, mellom anna Alf Cranner, Lars Klevstrand, Birgitte Grimstad og Herborg Kråkevik. Dikt i utval kom ut i 1978 (Gyldendal) og Dikt i samling i 2007 (Norsk Bokreidingslag).
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.