Aslak Liestøl

Faktaboks

Aslak Liestøl
Født
7. mars 1920, Bærum
Død
18. februar 1983, Oslo

Artikkelstart

Aslak Liestøl var ein norsk runeforskar. Han gjenoppdaga runeinnskriftaKulisteinenSmøla, som inneheld det eldste skriftlege belegget på namnet «Noreg», datert til tidleg på 1000-talet.

Liestøl blei cand.philol. med gamalnorsk som hovudfag i 1948. Same året blei han konstituert som konservator ved Universitets oldsaksamling. Han var fast tilsett frå 1950 og førstekonservator med ansvar for runearkivet frå 1958.

Liestøl gjorde eit omfattande arbeid med å publisere runemateriale og tolke innskrifter. Han var med på å gi ut fleire band av verket Norges innskrifter med de yngre runer. Vidare publiserte og tolka han mange av dei mest interessante innskriftene frå dei nye runefunna frå Bryggen i Bergen, som tok til å bli kjende i 1950-åra. Han gav ut ei rekkje artiklar om einskildinnskrifter, mellom anna den namngjetne Kulisteinen på Nordmøre. Runeinnskrifta på denne steinen blir gjerne omtalt som «Noregs dåpsattest», sidan det er første gongen ein kjenner til at namnet Noreg er nytta på norsk jord.

Liestøl er rekna som ein av dei fremste runologane i landet. Han synte dessutan stor interesse for det arkeologiske fagfeltet og publiserte artiklar om arkeologiske emne, samstundes som han tok del i fleire av oldsaksamlinga sine store arkeologiske utgravingar. Han var med på å ta initiativ til å skipe oldsaksamlinga sin arkeologiske stasjon på Isegran i Fredrikstad. Han forska òg på stadnamn og engasjerte seg i arbeidet med å frede og ta vare på kulturlandskap og fornminne.

Aslak Liestøl blei rett før han døydde, vald inn i Det Norske Videnskaps-Akademi.

Han var son til folkeminneprofessoren Knut Liestøl.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Amundsen, L. ofl. (1961): Universitetet i Oslo. 1911–1961. Oslo: Universitetsforlaget
  • Møller, T. J. (1964): Studentene fra 1939. Oslo: Bokkomiteen for studentene fra 1939
  • Skjølsvold, A. (1984): «Aslak Liestøl 1920–1983». Universitetets Oldsaksamling Årbok 1982/1983. Oslo: Universitetets Oldsaksamling

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg