Faktaboks

Askøyværingen
Offisielt namn
ASKØYVÆRINGEN A/S
Organisasjonstype
Aksjeselskap
Forretningsadresse
Kleppestø
Dagleg leiar
Anita Sandal
Styreleiar
Marit Kalgraf
Avishode
Avishode
Av .

Askøyværingen er ei politisk uavhengig lokalavis for Askøy kommune, men som kjem ut på Straume i Øygarden. Bladet kjem ut på papir ein gong i veka, og elles som nettavis. Avisa vart grunnlagt i 1978. Askøyværingen var inntil hausten 2023 ein del av Schibsted-konsernet, då Polaris Media gjekk inn som majoritetseigar. Avisa har felles kontor og redaktør med bladet Vestnytt.

Ansvarleg redaktør frå 2024 er Leif-Kjartan Bjørsvik.

Digitalt

Askøyværingen publiserer stoffet både på papir og nett. Ordninga med betalingsmur for ikkje-abonnentar gjeld det meste av artikkelstoffet. Det gjennomsnittlege talet på daglege lesarar av papirutgåva og publisering på nett er 10 527 (4. kvartal 2023), ifølgje Mediebedriftenes Landsforening.

Historie

Jostein Ravnøy
Jostein Ravnøy var bare 26 år gammel da han i 1978 var med på å starte lokalavisen «Askøyværingen». Etter framhaldsskolen begynte han som journalistlærling, gikk på Ringsaker folkehøyskole og ble sportsjournalist i Arbeiderbladet i 1972. Senere ble han journalist i Akershus Arbeiderblad/Romerikes Blad på Lillestrøm og var der helt til han dro tilbake til hjembygda Askøy for å sette i gang den nye lokalavisen. Sin politiske bakgrunn hadde han i AUF.
Jostein Ravnøy
Av .

Askøyværingen vart starta av journalisten Jostein Ravnøy som også var den første redaktøren. Askøyværingen var moderne både med omsyn til journalistikk, biletbruk, stoffval og moderne avisteknikk og layout. Avisa hadde også bokmål som hovudspråk.

Askøy-samfunnet var i 1970-åra i endring frå eit typisk bygdesamfunn til eit samfunn som mellom anna blei prega av nye verksemder, innflyttarar frå Bergen og betre ferjekommunikasjon med byen. Då Askøybrua kom i 1992, gjekk kommunen inn i ein demografisk vekstperiode, og dette fekk positiv verknad for avisopplaget.

Konkurranse og eigarskifte

Då avisa vart starta, hadde Askøy allereie ei lokalavis, Askøy Tidend, som kom ut frå 1946. Denne kom vanlegvis ut berre annakvar veke. Planen var å slå Askøy Tidend saman med Askøyværingen i 1984, men Askøy Tidend gjekk konkurs før samanslåinga vart gjennomført. Askøyværingen sin posisjon som lokalavis vart òg utfordra hausten 1986, då misnøye med Askøyværingen sin moderne og liberale profil førte til at avisa «Lokalen» kom til. Den varte i to prøvenummer.

I slutten av 1980-åra overtok avishuset Bergens Tidende som hovudeigar, gjennom AS Lokalavisene. Det galdt også fleire lokalaviser i distriktet. Frå 2004 til 2023 var Schibsted hovedeigar. Frå 2023 eig Polaris Media 51 prosent av aksjane og Schibsted 49 prosent.

Utmerkingar

Avisa har fått fleire prisar. I Landslaget for lokalaviser si kåring i 2016 fekk ho prisen for Årets lokalavisfoto og prisen for Årets digitale satsing, det siste for valdekninga i 2015. Initiativtakar og innovatør var Askøyværingen, men Bergens Tidende og tre lokalaviser i distriktet var med i prosjektet. I 2016 fekk Askøyværingen prisen for Årets framside av Mediebedriftenes Landsforening, for framsida 23. april 2015, og i 2017 fekk avisa tildelt Sølvparaplyen 2016 av Bergen journalistlag for Årets lokale sak.

Opplag

Opplagstall for Askøyværingen, 1988-2022

1988 4503
1990 4621
1991 4903
1992 4798
1993 4424
1994 4614
1995 4812
1996 4792
1997 4768
1998 4779
1999 4898
2000 4911
2001 4970
2002 5047
2003 5277
2004 5413
2005 5450
2006 5483
2007 5452
2008 5311
2009 5294
2010 5208
2011 5110
2012 4808
2013 4632
2014 4313
2015 3638
2016 3420
2017 3861
2018 4647
2019 5040
2020 5116
2021 5118
2022 4917
Kilde: medienorge.uib.no (papiropplag til 2014; deretter totalopplag, endring i beregningsmetode fra 2018)
År Opplag
1987 4239
1993 4424
1998 4779
2008 5311
2015 3638
2020 5116
2021 5118
2022 4917
2023 4756

Til og med 2015 gjeld opplagstala berre papirutgåva. Frå 2020 nyttar ein netto opplagstal for digitalt abonnement og papirabonnement.

Fakta

  • Første nr. vart utgitt 3.10.1978
  • Schibsted var hovedaksjonær frå 2004 til 2023. Polaris Media er frå 2023 hovedaksjonær.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • «Askøyværingen», Hordaland Bladeigarlag 75 år. 1927–2002. Stord 2002
  • Idar Flo (red.): Norsk presses historie 1660–2010, bd. 4: Norske aviser fra A til Å. Oslo 2010

Faktaboks

Askøyværingen
Sektorkode
2100 Private aksjeselskaper mv.
Næringskode(r)
58.130 Utgivelse av aviser

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg