Faktaboks

Administrasjonssenter
Kleppestø
Fylke
Vestland (frå 1.1.2020, tidlegare Hordaland)
Innbyggjartal
29 816 (2022)
Landareal
94 km²
Høgaste fjell
Kolbeinsvarden (231 moh.)
Innbyggjarnamn
askøyværing
Målform
nøytral
Kommunenummer
4627 (frå 1.1.2020, tidlegare 1247)

Kommunevåpen

Kart: Askøy kommune i Vestland
Askøy kommune i Vestland fylke.
Kart: Askøy kommune i Vestland
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0
Askøybrua

Med Askøybrua fekk Askøy samband med fastlandet i 1992. Brua går mellom Brøstaneset i Bergen og Storeklubben på Askøy. Askøybrua har ei samla lengd på 1057 meter og eit hovudspenn på 850 meter. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, gitt ut i 2005–2007.

Av /KF-arkiv ※.

Askøy er ein kommune i Vestland fylke, nordvest for Bergen. Askøy er skild frå Bergen av Byfjorden i aust og har Hjeltefjorden i sørvest og Herdlefjorden i nordaust.

Kommunen omfattar forutan Askøyna også øyane Herdla lengst i nordvest, Hanøyna og Ramsøyna i Hjeltefjorden i vest og Florvågøyna i Byfjorden i søraust, og dessutan fleire mindre øyar.

Askøy blei oppretta som kommune ved innføringa av formannskapslovene i 1837. Kommunen hadde då ei noko anna avgrensing enn den noverande kommunen og omfatta mellom anna Laksevåg, men ikkje den nordre delen av Askøyna. Kommunen fekk overført nokre mindre område frå Fana og Alversund i høvesvis 1879 og 1904 før Laksevåg skild ut som eigen kommune i 1918.

Askøy fekk dei noverande grensene sine i 1964 då den austre delen av Herdla og Meland sin del av Askøyna blei lagde til kommunen. Dermed var heile Askøyna og dei tilliggjande, mindre øyane samla i éin kommune.

Natur

Berggrunnen er av grunnfjellsalder, men er i vesentleg grad påverka av den kaledonske fjellkjedefaldinga. Berggrunnen består hovudsakleg av gneis, men med noko innslag av gabbro i eit smalt belte frå Ask nordvestover mot Herdla og i eit område mellom Lavik og Hetlevik sørvest på Askøyna. Berggrunnen er sterkt prega av strøkretninga til Bergensbogane som her stort sett går nordvest–søraust.

Kystlinja er sterkt opphakka, og terrenget er småkupert. Berre nokre få høgdedrag ligg høgare enn 100 meter over havet, med Kolbeinsvarden på søre del av Askøyna som høgaste topp (231 meter over havet). Mellom åsane er det myrlendte dalsøkk og noko furuskog.

Landet blir lågare og flatare utover mot Herdla, ei øy som er eit ynda område for fuglekikarar.

Busetjing

Det er jamn busetjing, for det aller meste langs kysten, på Askøyna, Herdla og Hanøyna, men busetnaden er klart tettast på søraustre del av Askøyna. Her litt tettstaden Askøy, som omfattar den samanhengande bymessige busetnaden sør for Ravnanger på vestsida og Ask på austsida av Askøyna, og her bur rundt 80 prosent av innbyggjarane i kommunen (2019). Lengst sør i denne tettstaden ligg administrasjonssenteret Kleppestø.

Askøy har i tillegg fem andre tettstader. Tre av dei ligg anten sentralt på vestsida av Askøyna (Davanger) eller på øyar i Hjeltefjorden utanfor (Hanøyna og Ramsøyna). Noko lengre nord på Askøyna ligg Frommereid, som strekkjer seg over til Haugland på austsida av øya. Askøy har også ein tettstad på austsida av Askøyna, Ask. I alt 88 prosent av befolkninga til kommunen bur i tettstader (2019). Dette er ein noko høgare del enn i Vestland fylke samla sett (80 prosent).

Nærleiken til Bergen har gitt Askøy stor vekst i folketalet i heile siste halvdel av 1900-talet, og det var i 2020 litt over tre gonger høgare enn ved slutten av andre verdskrigen. I tiårsperioden 2010–2020 auka befolkninga til kommunen med gjennomsnittleg 1,7 prosent årleg, mot 0,9 prosent i fylket samla sett. Askøy har etter Bergen og Øygarden størst folketal blant kommunane i Vestland fylke (2020).

Kart over Askøy kommune
Kart over Askøy kommune
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Næringsliv

Sysselsetjinga i primærnæringane er svært beskjeden i Askøy med berre 1,3 prosent av arbeidsplassane i kommunen (2015). Jordbruket er i hovudsak basert på husdyrhald (storfe, sau). Eit av Hordalands største gardsbruk ligg på Herdla og er på rundt 1000 dekar. Kommunen har noko jordbærdyrking. Frå Askøy blir det drive noko fiske, men berre svært beskjedne delar av fangsten til den heimehøyrande flåten blir ilandførte i kommunen.

Industrien har 12 prosent av arbeidsplassane til kommunen, 23 prosent om ein reknar med byggje- og anleggsverksemd og kraft- og vassforsyning (2015). Industrien er variert med hovudvekt på verkstadindustri (73 prosent av dei sysselsette i industrien i 2015), særleg bygging av skip og oljeplattformer og maskinindustri. Det er ei stor dokk på Hanøytangen.

Askøy har stor sysselsetjing også i bransjen gummi-, plast- og mineralsk industri (tolv prosent av dei sysselsette i industrien), mellom anna plastbåtindustri. Elles har kommunen noko næringsmiddel- og trelast-/trevareindustri med høvesvis sju og fire prosent av dei sysselsette i industrien i kommunen (2015). Kommunen har oljetankanlegg.

Nærleiken til Bergen syner seg i at 47 prosent av dei busette arbeidstakarane i Askøy i 2015 hadde arbeid i Bergen, mot 41 prosent i eigen kommune. Ytterlegare fem prosent av arbeidstakarane i Askøy hadde dette året arbeid i det som i dag utgjer kommunen Øygarden.

I Askøy kjem avisa Askøyværingen ut to gonger i veka.

Samferdsel

Fastlandssamband til Bergenshalvøya blei oppretta i 1992 med Askøybrua (fylkesveg 562). Tidlegare var det ferjesamband mellom Kleppestø og Bergen, og dette var eit av dei mest trafikkerte i landet. Askøy har hurtigbåtsamband med Bergen sentrum. Kommunen har eit tett vegnett.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

Askøy høyrer til Vest politidistrikt, Hordaland tingrett og Gulating lagmannsrett.

Askøy er del av Bergen næringsregion saman med Bergen, Bjørnafjorden, Samnanger og Øygarden.

Askøy kommune svarer til dei fem sokna Ask, Erdal, Herdla, Strusshamn og Tveit i Vesthordland prosti i Bjørgvin bispedømme i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Askøy til Nordhordland fogderi (futedøme) i Søndre Bergenhus amt.

Delområde og grunnkrinsar i Askøy

For statistiske formål er Askøy kommune (per 2021) delt inn i 8 delområde med til saman 40 grunnkrinsar:

  • Ask: Åsebø – Hanevik, Breivik, Ask, Hop, Strømsnes
  • Erdal: Skogvik, Nordre Erdal, Søndre Erdal, Åsen, Stenrusten – Vardane
  • Florvåg: Bakarvågen, Florvåg, Florvågøy
  • Kleppestø: Strand – Solhola, Kleppestø, Myrane – Øvre Kleppe, Øvre Kleppe – Svingen, Nedre Kleppe, Juvik – Horsøy
  • Strusshamn: Skarholmen – Strusshamn, Strusshamn, Krokåsdalen, Skiftesvik, Marikoven
  • Follese – Hetlevik: Follese, Hetlevik
  • Haugland – Davanger – Ramsøy: Haugland, Ravnanger, Tveit – Tveitevåg, Davanger, Kollevåg, Steinseidet – Tveitneset, Hanøytangen, Ramsøy
  • Nordre Askøy: Kjerrgarden, Fromreide – Berland, Fauskanger, Skråmestø, Skansen, Herdla

Historikk og kultur

Kongshaugen på Hop er kanskje frå bronsealderen. Det finst også andre gravhaugar, mellom anna ved Ask. I mellomalderen var Florvåg hamn for baglarane. Staden er kjend frå fleire sjøslag i borgarkrigstida, mellom anna i 1194, då det stod eit større slag her mellom kong Sverre og «øyskjeggane», ein opprørsflokk som her fekk det definitive nederlaget sitt.

Herdla kyrkje er nemnd i 1146. Dagens kyrkje er frå 1853. Ask og Herdla var kongsgardar i eldre tid. Hop gard er frå 1600-talet. Tyskarane hadde flåtestasjon i Bakarvågen og festning på Herdla under andre verdskrigen.

På Herdla er det ei heilårsopen golfbane med ni hol.

Namn og kommunevåpen

Kommunevåpenet (vedteke i 1961) har eit motiv som er forma ut etter kommunenamnet: eit grønt asketre på ei øy mot sølvfarga bakgrunn. Sjølv om det ikkje er godkjent i samsvar med heraldiske prinsipp, har kommunen valt å behalde det som kommunevåpenet sitt.

Namnet er etter garden Ask nordaust på Askøyna etter treslaget ask.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Litteratur

  • Clausen, Conrad (1937): Askøy herad i hundrad år : 1837–1937
  • Fossen, Anders Bjarne: Askøys historie, 1996–1999, tre bind, isbn 82-994105-3-3
  • Fossen, Anders Bjarne (2005): Det hendte på Askøy

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg