Askild er eit mannsnamn. Det er ein variant av Askjell som går tilbake til det norrøne Ás-kell. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘gud’ og etterleddet ‘hjelm; offerkjele’.

Askild kan sjå dansk ut (med -[ld] i staden for [ll] som i Askjell), men Askild er ikkje brukt i dansk. Det er derimot varianten Eskild.

Namnet har fleire variantar: Askel, Askil, Askild, Askill, Askjell.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 170 menn (fødde i Noreg) som hadde Askild som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Askild på 1800-talet.

Askild var klart mest brukt i Hordaland.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Askild på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Askild var klart mest brukt i Hordaland. (I søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Askil.)

Historisk bruk av namnet Askild
Historisk bruk av namnet Askild
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg