Asgaut Steinnes

Faktaboks

Asgaut Steinnes
Født
11. oktober 1892, Klepp, Rogaland
Død
6. juli 1973, Oslo

Bilete frå Norsk biografisk leksikon

Asgaut Steinnes
Av /NTB Scanpix ※.

Artikkelstart

Asgaut Steinnes var ein norsk historikar, ordboksforfattar og riksarkivar. Han var hovudsakleg oppteken av skatt og jordeigedomsforhold i norsk mellomalder. Han la òg grunnlaget for ei latinsk ordbok på nynorsk.

Bakgrunn

Asgaut Steinnes var fødd i Klepp i Rogaland og døydde i Oslo. Han tok examen artium i 1912 på latinlinja ved Hauges Minde i Kristiania, byrja å studere norsk og latin i 1914, men braut av studia utan eksamen i 1916. Han arbeidde deretter som lærar i Kristiania til 1919. Han var overlærar ved Kongsgård skole i Stavanger i 1919–1921, adjunkt ved Voss landsgymnas i 1921–1925 og adjunkt ved Eidsvoll landsgymnas i 1925–1930. Undervisningsfaga var særleg tysk og latin.

I 1927 tok Steinnes doktorgradenavhandlinga Leidang og landskyld, vart universitetsstipendiat i historie året etter og deretter riksarkivar i 1933. Embetet som riksarkivar hadde han fram til han gjekk av med pensjon ved årsskiftet 1959–1960. Deretter var han statsstipendiat til han døydde i 1973.

Vitskapleg produksjon

Etter andre verdskrigen skreiv Steinnes ei rekkje avhandlingar der, han drøfta Noregs politiske historie langt bak grensene for det ein tidlegare kalla historisk tid. I dette arbeidet nytta han stadnamngransking og retrospektive skatte- og administrasjonsstudiar. Fleire av artiklane vart gitt ut i Historisk tidsskrift.

Den vitskaplege produksjonen til Steinnes spenner over ein periode på nærmare 50 år. Eit av dei første arbeida var Skipreidor og fjordungar i Rogaland (1926), og det siste var Styrings- og rettsskipnad i Sørvest-Noreg i mellomalderen (utgitt i 1974). Hovudverket hans er Gamal skatteskipnad i Noreg (1930–1933). Eit anna større arbeid er Mål, vekt og verderekning i Noreg i millomalderen og ei tid etter(1936).

Frå 1918 til 1928 arbeidde Steinnes med ei latinsk-norsk ordbok, etter initiativ frå Studentmållaget. Han skreiv om lag ein tredjedel av manuskriptet. Saman med Eirik Vandvik gav Steinnes ut den omfattande Latinsk ordbok (1958). Tredje utgåva kom i 1989.

Andre verv og utmerkingar

Steinnes var formann i Norsk Historisk Kjeldeskriftråd i 1953–1957 og i Kjeldeskriftfondet i 1949–1957. Han var medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi frå 1938, var heidersmedlem av Det Norske Samlaget og formann i styret for Det Norske Teatret i 1947–1948. I 1948 vart han utnemnd til kommandør av 2. grad av Dannebrogordenen og i 1961 til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Helga Sverdrup Ekrheim og Olav Ekrheim (red.): Norges filologer og realister. Stavanger 1933
  • Asgaut Steinnes og Eirik Vandvik: Latinsk ordbok. Oslo 1958

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg