Asborg er eit kvinnenamn som kan karakteriserast som eit parallellnamn på -borg til Asbjørg.

Namn med etterledd på -bjørg og -borg har same tyding (‘berging’). Etterleddet -borg vart tatt i bruk seinare (1300-talet) enn -bjørg.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 270 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Asborg som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Asborg på 1800-talet.

Asborg var klart mest brukt i Agder.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Asborg på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Asborg var klart mest brukt i Agder. (I talgrunnlaget for søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Asbor.)

Historisk bruk av namnet Asborg
Historisk bruk av namnet Asborg
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg