Faktaboks

Asbjørn Hansli
Fødd
13. september 1944, Vinje
Død
2. april 1987, Skien

Asbjørn Hansli var ein norsk songar (baryton) og dirigent. Han studerte song i Oslo med Joseph Szterenyi (1961–1965) og dirigering med Trygve Lindeman og Øivin Fjeldstad. Han hadde debutkonserten sin i Oslo i 1969 og hadde ei rekkje konsertar i Noreg og Skandinavia, mellom anna fleire opptredenar ved Festspillene i Bergen. Hansli var særleg kjend som oratoriesongar.

I åra 1966 til 1971 verka han i Bergen, først som dirigent for Musikselskabet Harmoniens kor og seinare òg som songpedagog ved musikklinja ved Bergen lærarskule, som var ein viktig lærestad for musikk før Noreg fekk ei offentleg finansiert musikkutdanning. Han flytta deretter til Oslo, der han underviste ved Musikkonservatoriet frå 1971 til 1973, så vart han lektor i vokalfag ved Austlandets Musikkonservatorium. I 1974 var han gjesteprofessor ved California State University.

Hansli var ein ivrig pilot. Han førte flyet som styrta under innflyging til Geiteryggen flyplass ved Skien 2. april 1987, der alle ti om bord omkom.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg