Asbjørn Dybwad

Faktaboks

Asbjørn Dybwad
Født
7. mars 1924, Tromsø, Troms og Finnmark
Død
31. mai 1973

Artikkelstart

Asbjørn Dybwad var ein norsk forfattar, forteljar og radiokåsør som formidla nordnorsk humor til heile landet.

Asbjørn Dybwad var fødd i Tromsø. Han lærte seg forsikringsfaget og reiste nokre år rundt i regionen som forsikringsagent. Samtidig byrja han å skrive. Rundt 1960 etablerte han seg som forfattar og radiokåsør.

Han debuterte i 1964 med Kraftkost og andre historia. Så følgde Møljekalas og andre historia i 1966 og Hemmel og hav i 1972. Dybwad sin sjanger er den munnlege forteljetradisjonen. I sentrum står fiskarbonden, som tek humoren i bruk og fargelegg kvardagsslitet og kampen for utkoma. Som historieforteljar kunne han hauste av forteljingar han hadde høyrt som omreisande forsikringsseljar. Han overdreiv historiene, tilsette burlesk ironi og framførte dei på klingande nordnorsk.

Humoren hans fengde breitt. Han vart ein ettertrakta formidlar som reiste landet rundt og underheldt folk med skrønene sine. I sekstiåra slo han igjennom som radiokåsør i NRK-programmet «Søndagsposten», og radiolyttarar hadde gleda av å møte han att i repriseprogrammet «Gyldne øyeblikk» (2011–2014).

Ei meir alvorleg side ved forfattaren kom fram i romanen De skinnhelliges samfunn (1973). Her fortel han om livet i eit fiskevær som vert utarma av sentraliseringspolitikk. Politikarane får sitt pass påskrive, men med humor. I 1972 var han med og stifta Nordnorsk Forfatterlag.

På 2000-talet trekkjer Dybwad framleis publikum. I 2001 laga to skodespelarar ei oppsetjing med tekstar frå Hemmel og hav. Ho vart spela over hundre gonger. I 2006 vart han heidra på Humorfestivalen i Tromsø, og ei oppsetjing av Møljekalas vart synt fram fleire stader i 2016 og 2017.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Arthur Arntzen: «Ein makalaus storlygar», forord i Asbjørn Dybwad: Møljekalas og andre historia, illustrert av Ulf Dreyer, Oslo 1988. Les hos Nasjonalbiblioteket

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg